KM senior innandørs blir arrangert i Florø fyrstkomande lørdag, 22.november. Tambar sitt lag har hamna i same pulje som Vik 1, Florø1, Gaular 2 og Vadheim/Høyang 2.
Gunnstein Vefring er lagleiar for Tambarlaget som dreg til Florø på lørdag, der det er påmeldt 26 herrelag og 10 damelag. Vinnaren frå kvar pulje og dei tre beste toarlaga går vidare til sluttspelet.
Bilde: Tambar sine småjenter gjorde ein flott innsats på Førde Cup.
16.11.08 Småjentene med flott innsats på Førde Cup
Tambar sine småjenter gjorde ein flott innsats under årets Førde Cup i helga. Småjentene stillte med to lag i årets turnering, eit 94-lag og eit 95-lag. Begge lag gjekk vidare frå innleiande kampar, og spelte søndag B-sluttspel. Her møttest dei to Tambarlaga i semifinalen, der det eldste laget gjekk seirande av bana med ein 2-0 seier. I finalen møtte Tambar Askvoll/Holmedal. Etter to uheldige scoringar imot, enda kampen 2-0 til AHIL.
Tambar sitt smågutelag, Tambar 2, var einaste av Tambarlaga som gjekk vidare til A-sluttspelet. I dag spelte dei åttandedelsfinale mot Førde 7, men diverre for smågutane vart det eit 2-5 tap.
13.11.08 Førde Cup 14.-16.november 2008
Bilde: Tambar Cup i Naustdalshallen -08.
I morgon brakar det laust i Førdehuset når årets Førde Cup vert arrangert, med heile 140 lag påmeldt. Tambar Fotball stiller med ni lag til turneringa og har lag i desse klassane: Småjenter, Smågutar, Jenter, Gutar og Junior herre.
Dei fleste laga startar kampane sine i morgon ettermiddag/kveld og fortset med innleiande kampar også på laurdag. A- og B-sluttspelet vil føregå på søndag frå morgonen av.
Fyrste par ut i Tambar Tippeduellen er no klare til å duellere mot kvarandre, og på lørdag får vi sjå om det vert Ove Hundershagen eller Narve Kirkebø som kjem seg vidare til kvartfinalen.
Ein av dei fyrste dagane i veka vil vi legge ut nye duellantar i nokre veker framover. Her kan alle fylje med på kva duellantane har tippa og kven som går seirande ut i kvar duell. Det heile blir avslutta med ein finale, der det sjølvsagt vankar premie til finaleduellantane.
Vil du sjå kva duellantane har tippa og kva dei kan vinne ? Les meir Tambar Tippeduell
10.11.08 Vær med og stem !
Henta frå Dagbladet.no, Sitat: "Og for mange idrettsklubber er denne kåringen veldig viktig. I potten ligger nemlig 410 000 kroner, som skal fordeles til klubbene med flest stemmer.
I år ønsker vi også at alle idrettsforeningene skal ha mulighet til å vinne. Derfor vil alle de klubbene som samler flere enn 100 stemmer være med i trekningen om utstyr for 25 000 kroner. Tre lag vil bli trukket ut.
Og 100 stemmer, det bør de fleste klubbene klare med litt mobilisering." Sitat slutt.
Den ordinære treninga for Tambar Fotball i Naustdalshallen startar neste veke. Men alt i morgon er det full aktivitet i hallen for fleire lag, for dei av laga som skal delta i helgas Sparebanken Vest Førde Cup. Dette gjeld laga smågutar, småjenter, gutar, jenter og junior gutar. Treningstidene for denne kvelden og andre treningstider, finn ein i kalendaren for "Treningstider i Naustdalshallen".
Bilde: Jacob Storevik
09.11.08 Endeleg uttak til fotballskulen
Det har vore uttak til Fotballskulen Sunnfjord, der Førde IL-fotball- har anvaret for opplegg og samlingar i klassen gut f. 1995. Fire gutar frå Tambarskjelvar IL er med vidare, og under finn du heile uttaket:
Andreas Olset, Førde IL Fotball, Håvard Walaker, Førde IL Fotball, Stian Viken, Førde IL Fotball, Marius Bruland, Førde IL Fotball, Erlend Taule, Førde IL Fotball (96), Sondre Sandvoll, Førde IL Fotball (96), Kristoffer Angedal, Førde IL Fotball, Martin Nygård, Førde IL Fotball, Sondre Kyte, Førde IL Fotball, Morten Holsæter, Førde IL, Bjarne Nikolai Huus, Førde IL, Oddne Årdal, Jølster IL, André Sølvberg, Tambarskjelvar IL, Henrik Hundershagen, Tambarskjelvar IL, Jacob Storevik, Tambarskjelvar IL (96), Anders Aase, Tambarskjelvar IL, Adrian V. Årskaug, Viksdalen IL, Sveinung Nes, Viksdalen IL (96)
Trenar er Henrik Myklebust.
Bilde: Oddvar Torsheim
05.11.08 Hallen stengt for trening på fredag
Som dei fleste sikkert kjenner til, skal 70 års dagen til Oddvar Torsheim markerast i Naustdal komande helg.
Dermed vert det ikkje trening i Naustdalshallen på fredag 7.november. For Tambar Fotball gjeld dette seniorlaget kl.20.00 og treninga for old boys/girls kl.21.00. PS: bana er ledig denne kvelden, så vi oppmodar seniorar og old boysar til utetrening på fredag !
04.11.08 Puljer og kampoppsett klart
Puljene og kampoppsettet for Sparebanken Vest Førde Cup 14.-16.november er klart. På Førde IL si heimeside finn du puljene og dei innleiande kampane for alle deltakande lag.
31.10.08 Seniorane startar innetrening i dag
Seniorlaget trekk inn i varmen, og har sin fyrste innetrening i hallen i kveld. Inntil vidare vil dei ha fredagen som sin innedag, frå kl.20.00-21.00. Kalendar er oppdatert
29.10.08 Old boys/girls med ny treningstid
Treningstida for old boys/girls er endra frå og med komande fredag. Treninga startar no klokka 21.00 og held på til kl.22.00.
Sist fredag var det tynt oppmøte til denne trening, og ein håpar og trur at det vil verte noko meir folksamt i hallen på neste trening!
28.10.08 Treningstidene i Naustdalshallen er klare
Treninga for Tambar Fotball i hallen startar tirsdag 11.november, men det gjeld berre for dei laga som skal delta på Førde Cup. Den ordinære innetreninga startar opp veka etter, tirsdag 18.november.
Treningstidene er sett opp fram til jul i kalendaren, då det sansynlegvis vil bli nokre små justeringar av treningstidene etter jul.
Tambarskjelvar IL og Naustdal kommune inviterte i går til dugnadfest for alle som hadde vore med og jobba dugnad for at kunstgrasbana og anlegget rundt bana kunne bli ein realitet. Festen vart halden i Fosshalla, med god mat og festkledd dugnadgjeng med følge.
Bilde: Klarer Håvard Flo og Sogndal å trygge kvalikplassen ? Foto:Stig Roger Eide, Firda.
25.10.08 Førde med stortap, Sogndal mot kvalikspel
Førde tapte den avgjerande kvalikkampen mot Åskollen i Drammen heile 8-1. Med 0-3 etter 19 minuttar og utvist spelar før pause, vart dette håplaust i ein kamp "alle" forventa skulle gå vegen. Bedre gjekk det med Sogndal, som vann med heile 4-0 mot Løv Ham. Dermed er dei berre ein seier frå kvalikplassen, som vert avgjort mot Hødd neste helg.
Bilde: Guro ( t.h.) i kamp for Tambar sitt volleyball-lag sesongen -07/08. Foto: Ina Steiro Herstad.
24.10.08 Fotball over landegrenser - Guro hjelper unge i Kenya
Ynskjer du å hjelpe Guro å hjelpe ?
Guro Hjelle Aamot er vel ikkje mest kjend for fotball, men har spelt fleire sesongar med volleyball på Tambar, både aldersbestemt og 1.divisjonslaget.
For tida går ho på Fredtun Folkehøgskule i Stavern, der dei no snart er reiseklar for tur til Kenya. Der skal dei i fem dagar være instruktørar for barn og unge som har det vanskeleg, og der dei avsluttar det heile med ei fotballturnering. Det heile er i ledd av noko som vert kalla CHRISK-prosjektet, som har holdt på nokre år og som har vist gode resultat.
For å hjelpe desse hardt råka ungane, har Guro allerede samla ein god slump pengar. Er det nokon der ute som vil hjelpe Guro`s hjelp med eit bidrag, kan ein gjere det fram til i morgon kl 16.00 på kontonr.: 3705 04 85804.
Jentene som skal representere Sunnfjord i Bylagsserien ( TEAM Sunnfjord ) for klasse J -94, vart plukka ut på samlinga i Førde onsdag kveld. Einaste spelaren frå Tambar Fotball som vart plukka ut, var småjente- og jentespelaren Terese Helle. Ho har òg vore innom kretslaget for J-94, og delteke på samlingar og kampar der.
TEAM Sunnfjord skal komande helg spele kampar i Førde mot dei to andre laga i Bylagsserien, TEAM SOGN og TEAM Nordfjord.
21.10.08 Ni lag frå Tambar Fotball påmeldt til Førde Cup
Tambar Fotball stiller med lag i alle klassar, bortsett frå i klasse dame junior, til årets innandørsturnering i Førdehuset. Småjentene stiller med to lag og smågutane med tre lag, elles er det påmeldt to gutelag, eit jentelag og eit menn juniorlag.
Sparebanken Vest-Førde Cup vert arrangert helga 14.-16.november. Du kan lese meir om turneringa ved å klikke deg inn HER.
Bilde: Førde trenar på Naustdal stadion fire dagar denne veka. Foto: Stig Roger Eide, Firda.
20.10.08 Førde trenar på Naustdal stadion denne veka
3.divisjonslaget til Førde skal trene på Naustdal stadion denne veka. Tambarlaga som blir berørt av dette er laga Mini 99/98 som må forskyve si trening på mandag frå 17.30 ti 18.00. Det same er tilfelle for Lillegutar 12 på tirsdag, som får sin trening flytta frå 17.30 til 18.00.
Treningstider for haust/vinter 08/09 i Naustdalshallen vil bli klare etter "trenar/oppmannsmøte" 23.oktober. Du vil då finne dei her på heimesida.
Trenar/oppmannsmøte vert halde på Håjen torsdag 23. oktober kl.18.00.
Lysa på Naustdal stadion sløkker seg kvar kveld kl.22.00.
Bilde: Katrine spelte ein god kamp, og hadde bra kontroll i forsvar i dagens KM-kamp mot Gaular.
18.10.08 Tap i siste minutt
Tambar sine småjenter tapte i dag KM-kampen mot Gaular 2-1, etter at Gaular fekk sett inn det avgjerande målet eit minutt før kampslutt. Surt ! Særleg var det surt å tape ein kamp der Tambarjentene var det beste laget stort sett i heile kampen, der dei spesiellt i fyrste omgang kunne ha scora både to og tre gonger. Alikevel har desse jentene hatt ein super sesong og vart avdelingsvinnar i si avdeling. Målscorar i dagens kamp var Kristina. Gratulere med ein flott sesong, jenter !
Bilde: Lillegutane vann mot Gaular og Høyang i kveld.
17.10.08 Lillegutane vann kampar
Lillegutane var i kveld på Sande og spelte turnering/treningskampar med fyljande resultat: Tambar-Gaular 96 6-1, Tambar-Høyang 97 6-4, Tambar-Gaular 97 2-0. Måla til Tambar sine lillegutar vart scora av Daniel(9), Martin(4) og Ola(1).
Kampane vart spelt på grusbane på Sande.
Bilde: Mini jenter 99/98. Foto: Solfrid Bygstad.
16.10.08 Jenter 99/98
Sesongen er avslutta for dei fleste laga til Tambar Fotball, også for jenter klasse 99/98. Her har ein fornøgd gjeng innteke den nye tribuna på Naustdal stadion.
Bilde: Oversikt over aktiviteten på stadion finn du no på heimesida.
16.10.08 Nye treningstider
Det er sett opp nye treningstider for dei fleste laga i Tambar Fotball. I den nye aktivitetskalendaren for Naustdal stadion, vil du finne alle treningstider og kampdager. Her vil du også finne ut om bana t.d. er stengt for trening eller treningar må flyttast p.g.a. kamp. Så her er det viktig å gå innom jamnleg for å holde seg oppdatert, både for spelarar og trenarar/leiarar. Aktivitetskalendaren gjeld frå i dag ! Treningstider for Naustdalshallen kjem om kort tid. Aktivitetskalendar Naustdal stadion.
Bilde: Lillegutane avslutta med bowling og pizza. Foto:Edel Skilbrei.
16.10.08 Lillegutane avslutta med bowling og pizza
Årets fotballsesong vart avslutta med sosialt samvær for Tambar sine G 12, då dei møttes til bowling og deretter Pizza på Dolly Dimples. Forutan spelarane og trenarar/lagleiar, var mange av foreldrene med denne kvelden i Førde.
Bilde: Desse jentespelarane deltek på fotballskule på Naustdal stadion.
15.10.08 Fotballskule på Naustdal stadion
Fyrste samling på fotballskule for gutar og jenter fødd 1995 vart avvikla på Naustdal stadion i dag. Fyrst ut var jentene med si økt, fylgt av gutane si treningsøkt seinare på kvelden. Fotballskulen er i regi av SFFK og har samlingar kvar onsdag fram til 19.november.