Til Framsida
Til A-lag

 

 

 

Senior menn
sesong 2012

Seriekamp Runde 5:

Tirsdag 5.juni kl.20:00

Tambar-Førde4 3-0 (1-0)
Naustdal stadion
1-0 Andrè Sølvberg, 28.min
2-0 Joakim Engebø, 55.min
3-0 Joakim Engebø, 60.min

Dommer: Egil Arne Vårdal, AHIL

Tambar starta med følgjande lag: Gunnstein; Ole, Torgrim, Fauske; Anders, Henrik Hunders, Henrik Aase, Andreas, André; Iben, Sundbye. Inn kom: Ola, Joakim, Stølsvik, Villy og Jørgen. På sidelinja: Frank, Helge, Espen og Jan Magne.


Dei første minuttane var prega av mange soloprestasjonar som ikkje førte nokon veg. Det skulle gå nesten ti minuttar før vi noterte oss kampens første halv-sjanse. Hunders blir spela fri ute på høgrekanten og slår eit godt innlegg mellom keeper og backrekka til Førde, men der er ingen gule å spore i nærleiken.
Minuttar seinare er Førde hakket nærmare etter ein teljefeil i vår eigen boks. Eit innlegg ifrå høgre går over første og andreforsvarar. På bakre stolpe dukkar ei kvit, umarkert trøye opp. Han får hovudet på ballen, men avslutninga går over mål.
Det påfølgjande målsparket frå Gunnstein endar hos Andreas på høgrekanten som utfordrar backen sin og spelar fri Iben som set ballen like til side for mål frå skrått hald.
Kampuret bikkar femten minutt i det Gunnstein med eit langt utspark sender Iben på ny aleine igjennom. Midtstopparen til Førde hentar inn løpet til Iben, men blir rundlurt av ei skotfinte. Avslutninga som til slutt kjem med venstrefoten subbar i bakken og blir enkel å snappe for Førde sin sisteskanse.
Fauske bryt eit angrep og sender av garde ein lang stikkball mot Henrik Aase som prøvar å legge igjen til Sundbye på eitt touch, men ei kvit trøye kjem først på ballen og får avklart.
Etter atten minutt kjem Andreas til avslutning frå sin høgrekantposisjon, men framleis står det 0-0.
Det skal gå nye ti minutt før vi får ein ordentleg målsjanse. Men den er stor, større enn Storehesten. Vi blir tildelt eit frispark frå om lag tjue meter. Henrik Hunders gjer seg klar til å ta det, og Førde hastar med å få sett opp mur og dekke løpa som er på veg inn i feltet. Ute til venstre har André tjuvstarta og får ballen. Han kjem seg til dødlinja og klinkar ballen opp i nettaket. 1-0! Ei kjempescoring som kom brått på dei fleste. Det tek tre sekund før vi på sidelinja registrerar at ballen ligg i nota.
Fem minuttar seinare blir Sundbye spela igjennom. Avslutninga hans går rett i fanget på keeper.
Det går nye fem minuttar før Iben igjen kjem til avslutning etter nok eit langt utspel frå Gunnstein, men heller ikkje denne gangen hamnar ballen i gollen.
Minuttet før dommaren bles av for pause noterar Iben seg for nok ein sjanse, men heller ikkje denne gangen vil det seg for stakkars Iben J.

I pausen er det eit snev av frustrasjon ute og går. Vi kjem til ein god del hundreprosentsjansar, men klarar ikkje å omgjere dei til scoringar. I dei to fremste ledda ser vi altfor mange forsøk på at feilvendte spelarar som mottar ballen skal vende opp. Dette fører til at Førde har hatt tidvis grei kontroll dei gangane vi har brote og sett fart framover. I andreomgang skal vi bli langt flinkare til å leggje ballen igjen og brette spelet rundt ut på kantane. Gunnstein har hatt mange gode igangsetjingar, og backrekka saman med Anders har hatt stålkontroll på alle initiativ ifrå bygutane.
Vi gjer tre byter i pausen. Ola kjem inn på midten, Joakim får prøve seg på topp og Stølsvik tek plass i forsvaret. Ut går Andreas, Iben og Ole. Henrik Aase tek plass ute på høgrekanten og gjer plass til Ola sentralt saman med Hunders og Anders.
Ti minutt av andreomgang er unnagjort i det Sundbye mottar ballen høgt i bana. Han legg igjen til Anders som på eitt touch slår ballen vidare til Ola. Ola løftar blikket og spelar fri André på venstrekanten som kjem til innlegg. Inne i boksen dukkar Joakim opp. Han er først på ballen og doblar leiinga vår. 2-0! Eit raskt og herleg angrep.
Fem minuttar seinare blir André på ny spela fri på venstrekanten. Og igjen er Joakim først på ballen inne i boksen. På volley breidsidar han inn 3-0!
Vi gjer ytterlegare to bytter etter scoringa. Sundbye byter med Villy som går inn og blir spissmakkeren til bror sin, og Jørgen kjem inn for Anders. Henrik Aase tek over den defensive rolla til Anders og Jørgen blir flytta ut på høgrekanten.
Minuttar seinare er det tre av innbytarane som står bak det neste angrepet vårt. Joakim er djupt i bana og vinn ballen. Han får rettvendt seg og spelar ein stikkar til Jørgen som kjem i hundre og helvete på sin høgrekant. Han får slått eit godt innlegg som treff pannebrasken til Villy. Ei god redning hindrar at storebror Engebø teiknar seg inn i målprotokollen. Denne hadde fortent ein betre skjebne.
Med eit kvarter igjen å spele blir ein corner klarert ut til Henrik Aase som står på tjue meter. Han slår ballen høgt og hardt inn igjen i feltet. Joakim får styrt ballen, men den snik seg diverre på feil side av stolpen.
Ti minuttar før slutt slepp Ole og Andreas inn igjen på bana. Henrik Hunders og André går ut. Ole tek plass i forsvaret, og Andreas tek over på venstresida. Stølsvik blir flytta opp eit hakk og utgjer den sentrale midtbana saman med Ola.
Andreas, Joakim og Villy kombinerar fint på høgresida. Joakim spelar fri storebror som set fart mot mål, men kjem aldri til ei skikkeleg avslutning.
Det siste som blir nemnt ifrå kampen er det einaste skotet Førde fekk på mål. Eit hardt skot ifrå vel 20 meter gjer at Gunnstein like så godt glimtar til med eit tigersprang og slår ballen unna.
Vi spelar tidvis mykje god fotball, men får altså berre med oss tre pinnar ifrå denne kampen. Defensivt er vi tryggleiken sjølv i dag. Midtbana jobbar knallhardt for kvarandre, og spissane våre kjem til mange sjansar. Når utteljinga blir like god som vaflene i bua, då luktar det fugl av dei gule og svarte. Det er mange spelarar som er verdt å trekkje fram i dag, men med fare for krampe i fingrane fattar eg meg i kortleik og nemner Gunnstein, Ola, Joakim og Fauske. Sistnemnde var kanskje størst av dei alle. 3-0 og tre poeng i dag, gutar. No pustar vi Tempo i nakken. Forza Tambar!

Refferat: Espen Langedal

 

 

 

Seriekamp Runde 1:

Tirsdag 1.mai kl.15:30

Tambar-Tempo
Naustdal stadion, kunstgras
Dommer: Ragnar Åmot, Florø FK

 

STARTELLEVEREN:

   

Marius Herstad
   
 

Anders Aase

Kristoffer Fauske

Torgrim Østgård
 
   

Espen Langedal
   

Nikolai Stølsvik
 

Andreas Vatne
 

Andrè Sølvberg
   

Henrik Hundershagen
   
 

Nicolai Sundbye
 

Daniel Kvalvågnes
 

 

INNBYTTERBENKEN:


Henrik Aase

Tomas Andal

Jonas Paulen

Gunnstein Vefring

TRENER: Tony Fagerdahl

 

 

 

RESULTAT TRENINGSKAMPAR 2012:

Treningskamp

Søndag 22.april kl.16.00

Tambar-Førde4 4-1 (1-1)
Naustdal stadion, kunstgras

Dommer: Joar Vefring

1-0 Iben Munkvoll
1-1 Førde 4
2-1 Nikolai Stølsvik (str)
3-1 Kent Roger Engdal
4-1 Andreas Vatne

22.04.12 A-laget med grei seier mot Førde 4


Mange sjanser: Tambar sitt A-lag hadde utallige sjansar i dagens treningskamp mot Førde 4. Her
er Kent Roger Engdal gjennom, men det vart ikkje mål på denne sjansen.

A-laget tok ein grei seier mot Førde 4 i dagens treningskamp på Naustdal stadion. Trenar Tony smilte i perioder om kapp med sola til det gode spelet Tambarlaget til tider viste i dag. Men laget burde ha scora mange fleire mål utifrå dei utallige sjansane dei skape mot laget frå Førde.

Treningskamp
Tambar-Førde4 4-1 (1-1)

1-0 Iben Munkvoll
1-1 Førde 4
2-1 Nikolai Stølsvik (str)
3-1 Kent Roger Engdal
4-1 Andreas Vatne

Fleire bilder frå kampen


Målscorarar: Andrè Sølvberg gjekk til kortlinja og la perfekt inn til Kent Roger Engdal som scora
sikkert. Iben Munkvoll (t.h) scora Tambar sitt fyrste mål.


Nøgd: Trener Tony Fagerdahl var nøgd med mykje etter fyrste omgang.

 

 

Troppen:

Anders Aase
André Sølvberg
Andreas Vatne
Espen Langedal
Kristoffer Fauske
Gunnstein Vefring
Henrik Aase
Henrik Hundershagen
Iben Munkvoll
Jonas Paulen
Marius Herstad
Nikolai Stölsvik
Torgrim Østgård
+ kanskje ein joker eller to ;-)

 

 

 

 

Treningskamp

Søndag 15.april kl.18.00

Tambar-Atløy 7-3 (4-1)
Naustdal stadion, kunstgras

1-0 Andrè Sølvberg
2-0 Tomas Andal
3-0 Nicolai Sundbye
3-1 Atløy (straffe)
4-1 Nicolai Sundbye
5-1 Danile Kvalvågnes
5-2 Atløy (straffe)
6-2 Daniel Kvalvågnes
7-2 Ola Rognebakke
7-3 Atløy

Dommer: Joar Vefring

 


Kaptein Espen: Espen Langedal forserer framover for Tambar. Til høgre skimtar vi
Torgrim Østgård.

Målrik affære ein solrik søndagsettermiddag

Frå start: Marius Herstad, Torgrim Østgård, Kristoffer Fauske, Anders Aase, André Sølvberg, Kristoffer Hundershagen, Espen Langedal, Nikolai Stølsvik, Tomas Andal, Iben Munkvoll, Nicolai Sundbye. Kom inn: Andreas Vatne, Ola Rognebakke, Daniel Kvalvågnes, Henrik Aase.

Tambar opna kampen friskt i den meir og meir vande 3-5-2-formasjonen på Naustdal stadion denne solrike søndagsettermiddagen. Vi styrte banespelet innleiingsvis, og etter om lag femten minutt kunne vi juble for 1-0 etter at ein hardtarbeidande Sundbye vann ballen høgt i bana og sendte ein stikkar til hurtigtoget André som aleine med keeper gjorde det han har hatt for vane ute på kanten. Det ser så lett ut.

Minuttar seinare er det Tomas som melder seg på. Han doblar leiinga etter at ein stikkar ifrå gud veit kven i utgangspunktet er litt i lengste laget for både Tomas og midtstopparen til Atløy. Keeper kjem også ut og vil vere med i krigen. Stopparen prøver å nå keeperen sin med ein støttepasning, men då vaknar dyret i Tomas og rykkar ifrå, med ballen, og trillar den forbi keeper. 2-0!

Sundbye blir så spela igjennom og scorar ifrå om lag tjue meter, men scoringa blir annullert for offside. Hissig på grauten kanskje, men Sundbye er på. Ved neste høve er det Fauske som avanserer på Atløy sin banehalvdel før han på delikat vis sender av garde ein stikkar med utsida av foten mellom back og stoppar. Sundbye timar løpet betre denne gangen. Han får eit godt medtak og plasserar ballen roleg ned i det venstre hjørnet. 3-0!

Snakket om å kanskje skulle klare å halde nullen svirrar rundt blant smilande naustedølar ute på matta som sleikar sol, men så blir det overskya. Og det går ikkje lange tida før dommar, Joar, peiker på straffemerket etter at Atløy sin store kaptein går i bakken. Han tek straffa sjølv, og set den kontant i nettet til høgre for Marius.

Vi svarar momentant på reduseringa i vårt neste angrep. Henrik vinn ballen ifrå ein dribleglad midtbanespelar i kvit trøye og sender Sundbye på atter ein løpetur. Pasningen er av den frekke sorten, nemleg mellom beina på Sundbye sin oppassar. Førstetouchen står ikkje heilt i stil med den førre, men han vel likevel å lade kanonen på ny og fyrer av ifrå kanten av sekstenmeteren. Ballen går stang inn i det lengste hjørnet, og vi går til pause med ei komfortabel 4-1-leiing.

I pausen er det skryt å få. Vi dominerar banespelet og kantane har vore veldig delaktige i både det offensive og det defensive spelet. Men som vanleg er det atter ein gang fokus på at vi må bli flinkare til å kunne variere spelet i endå større grad.

Til andreomgang har Daniel pussa skorne og teke på seg finstasen. Den unge målgarantisten er frampå om lag ti minuttar ut i omgangen då han blir spela fri på høgrekanten og lurer vekk ein forsvarar og kjem aleine med keeper. Allereie før han får avslutta byrjar jubelen. Kald som slush og sikker som banken trillar han ballen til høgre for keeper og vi er fire mål foran. 5-1.

Ikkje lenge etter skal Atløy sin kaptein på ny få straffe, for ein smaklaus og halvhjarta innsats etter å få tak i ballen etter å ha spela den forbi Espen stoppar han opp å nå igjen ballen og hektar seg slik at han fell. Også denne gangen går han fram sjølv. Også denne gangen skyt han hardt nede til høgre. Også i denne omgangen får vi ein baklengs i fleisen. 5-2.

I dei påfølgjande minuttane er det ampert ute på bana. Til tross for ein kald og sur bris i lufta gnistrar det i duellane. Men der er framleis rom for litt finspel. Daniel blir på ny spela fri inne i boksen og bankar inn 6-2.

Ti minuttar før slutt sette Ola den sjuande spikaren i Atløy-kista etter at Daniel får rive seg laus på venstresida og slår ballen førtifem grader ut til ein umarkert Rognebakke som ifrå straffeområdet bankar ballen opp i det høgre hjørnet med den gylne venstrefoten sin. 7-2.

På overtid får Atløy prikka inn atter ei redusering. Men kva som hendte og kven som scora har allereie gått i gløymeboka. Kampen enda 7-3. Dagens dommartrio var brørne, Joar og Gunnstein, samt ein jentespelar ifrå Askvoll som tidlegare på dagen hadde slått Tambar sine jenter 2-0 i ein sjuarkamp på same stadion ein time tidlegare.

No er det berre to veker igjen til eventyret startar, eller sesongen om du vil. Der vi skal få eit gjensyn med Atløy. I tillegg har vi Førde 3, Førde 4, Florø 3 og Florø 4 i vår avdeling. Første seriekamp er heime mot Tempo 1. mai kl 19:00 på Naustdal stadion. Sol- og vaffelgaranti!
Refferent: Espen Langedal.

 

 

 

Treningskamp

Mandag 09.april (2.påskedag) kl.16.00

Breimsbygda-Tambar 4-2 (1-0)
Reed stadion, kunstgras

1-0 Breim (str)
1-1 Henrik Hundershagen (str)
2-1 Breim
3-1 Breim
4-1 Breim
4-2 Daniel G. Kvalvågnes


God kamp av gutespelarane: Dei tre gutespelarane gjorde ein god kamp i sin debut på A-laget i
dagens treningskamp mot Breimsbygda. På bildet ser vi Martin Skilbrei, med Daniel G. Kvalvåg-
nes i bakgrunnen.

Tambarspelarane var fortsatt i påskemodus då dei spelte treningskamp mot Breimsbygda på Reed stadion i dag, og vertane frå Breim kunne gå av bana med ein 4-2 seier etter ein "godt under pari"-kamp frå Tambar si side.

Gutespelarane gjorde jobben sin, og vèl so det, i debuten sin på A-laget. Både Ola Rognebakke, Daniel Grimset Kvalvågnes og Martin Skilbrei viser at dei hevder seg fint ilag med seniorane, der Martin vert kåra til lagets bestemann etter ein fin-fin kamp.

Tambar starta kampen bra, og spelte mykje god fotball dei fyrste 25 minutta av 1.omgang. Blandt anna vart Daniel spelt gjennom og scora sikkert, men målet vart annulert for offside. To knallharde corner på kort tid frå Nicolai, vart redda av Breimkeeper og målstenger, fortsatt 0-0 i målprotokollen.

Etter omlag 25 minutter skrik ein Breimspiller inne i 16 meterfeltet til Tambar, dommar peikar på straffemerket og vertane ledar 1-0. Vi trur nok Breimspelaren fortsatt kjenner det mellom føtene, der det var ballen og ikkje ein Tambarspelar som var årsaken til Breimspelaren sine hyl. Dømt er dømt, og mål er mål: Laga gjekk til pause med 1-0 til Breim.

I andre omgang fortset angriparane våre å skape sjanser, og dommaren måtte på ny peike på starffemerket då Iben vart klipt ned i feltet etter å ha lurt av både ein og to Breimforsvararar. Henrik Hundershagen var sikkerheita sjølv då han sette ballen i Breimmålet, og 1-1.

Utover i kampen gjekk Breim opp i 2-1 , etter vår meining, feilaktige avgjerelser i forkant av målet, frå dagens dommer. 3-1 kjem like etter, då ein Breimspelar får ballen i beina og scorer greit. 4-1 kjem på ei kontring, etter at Tambarspelarar roper på frispark.

10 minutter før slutt kjem Jonas seg til kortlinja, legg 45 grader ut til Daniel som scorar sikkert.

 

Mykje kan sikkert seiast om kampen mot Breimsbygda i dag, men vi stadfester at laget taper 4-2 på ein heller grå dag. Vi kunne ha skulda på at vi stiller med tre gutespelarar i dagens treningskamp, og at vi kanskje er svekka av den grunn. Men nei, her er vi avhengig av at alle gjer jobben som skal gjerast på bana når dommaren har blese kampen i gang. Gutsen vi har sett frå spelarane i dei tidlegare treningskampane, såg vi berre i perioder i dag.

Dei tre gutespelarane gjorde ein framifrå jobb i dagens kamp. Daniel har tidlegare vist at han meistrar dette nivået, og var på ny frampå med scoring i dag. I tillegg skapar han mange sjanser i løpet av kampen.

Ola spela både på midtbana og i forsvar i dag, og meistrar begge plassane. Med fint blikk for spelet og ein god pasningsfot, vil vi nok sjå meir til han på A-laget.

Martin, lille store Martin, fekk ein pangdebut på A-laget i dag. Med sine fornuftige valg, gode plasseringar, godt blikk for spelet og med enkle løysningar brilljerte han til tider på midtbana. Også han viser at dette er eit nivå han mestrer, og vi får nok sjå meir til han i løpet av sesongen.

 

Tambar sin tropp:

Marius Herstad
Joakim Engebø
Villy Engebø
Andreas Vatne
Nicolai Sundbye
Ola Rognebakke
Martin Skilbrei
Daniel Grimset Kvalvågnes
Henrik Hundershagen
Gunnstein Vefring
Jonas Paulen
Espen Langedal
Ole-Bertil Elvebakk
André Sølvberg
Iben Munkvoll

 

 

 

 

Treningskamp

Onsdag 28.mars kl.18.30

Jølster 2-Tambar 4-5 (3-3)
Skei stadion, kunstgras


Ny seier til A-laget: Trener Tony Fagerdahl sitt mannskap tok ein ny seier i kveld, då dei vann
treningskampen mot Jølster 2.

Tambar sitt a-lag vann 5-4 mot Jølster 2 i ein treningskamp i kveld. Tambar fekk ein god start på kampen og leda heile 3-0 etter omlag 25 minuttar ut i første omgang. I denne perioden spela Tambar ut motstandaren og det var stort sett spel mot eit mål. Etter den fine starten , slokna Tambar noko og Jølster 2 kom meir med i kampen. Det resulterte med at heimelaget var frampå med tre kjappe scoringar før pause, og laga var like langt med 3-3.

Tambar scora to mot Jølster 2 si eine scoring i andre omgangen, og gjorde at Tambar kunne gå av bana med 5-4 seier mot 5.divisjonslaget. Tambar måtte klare seg utan dei to faste målvaktene til denne kampen, og to av spelarane på Tambar sto kvar sin omgang !

Tambarspelarane vann sin tredje kamp på rad, og har etterkvart funne ut kor målet står, og står med 14-5 på dei tre siste kampane. Heile laget gjer ein solid jobb ute på bana, der det er ein utruleg guts og innsats i laget. Nicolai Sundbye får ein ekstra pluss etter kveldens kamp.

Måla til Tambar kom ved Andrè Sølvberg (2), Nicolai Sundbye, Jørgen Helgheim og Gunnstein Vefring.

Tambar hadde med desse spelarane mot Jølster 2:

Andreas Vatne
André Sølvberg
Espen Langedal
Fauske Kristoffer
Gunnstein Vefring
Henrik Hundershagen
Joakim Engebø
Jonas Paulen
Jörgen Helgheim
Kristoffer Hammarseth
Nicolai Sundbye
Nikolai Stølsvik
Torgrim Østgård
Villy Engebø

 

 

 

Treningskamp

Søndag 25.mars kl.19.00

Tambar-Hyen 7-1 (2-0)
Naustdal stadion, kunstgras

1-0 Daniel (36)
2-0 Daniel (40)
2-1 Marius Hallem (50)
3-1 Daniel (65)
4-1 Jørgen (75)
5-1 Tomas (80)
6-1 Tomas (83)
7-1 André (89)

Dommer: Nils Paulen

På ein frisk og fin vårdag i Naustdal tok vi imot Hyen til årets sjette treningskamp på Naustdal stadion. Tambar starta med følgjande lag: Olav – Torgrim, Fauske, Anders – Tony, Andreas, Stølsvik, Henrik Hunders, André – Tomas, Iben. Inn kom: Joakim, Kristoffer H, Daniel, Sundbye, Jonas & Jørgen.

Tambar tok initiativ ifrå start og lét ikkje Hyen få låne ballen noko særleg i innleiinga. Tambar sin første sjanse kom etter fem minuttar då Iben blei spelt igjennom og fekk til ei avslutning som keeper måtte slå til hjørnespark. Ein godt slått corner enda til slutt hjå Iben igjen etter litt klabb og babb inne i feltet, men avslutninga gjekk til side for mål.

Tre minuttar seinare får Hyen ein moglegheit til å kontre etter massivt press ifrå heimelaget. Ballen blir slått i bakrom, men Fauske er kjapp meg å reagere. Han spring opp angriparen og vinn tilbake ballen.
André blir klipt ned ute på høgrekanten i det kampuret viser ti minuttar, og blir liggjande på bakken etter at motstandaren klarerar ballen der det gjer mest vondt, medan melodien bjølleklang rungar på stadion. På det påfølgjande frisparket dukkar Andreas opp på bakarste stolpe. Han får tåa på ballen, men kula snik seg på feil side av stanga.
Dei neste ti minuttane skjer det ikkje mykje. Spelarane går for lenge med ball, og bevegelsane rundt ballførar er til stunder fråverande.

Men så, omtrent halvvegs ut i omgangen kjem André seg fri på høgrekanten igjen. Han får slått inn i boksen der også mange gultrøyer har funne vegen. Andreas får rive seg laus i feltet igjen og kjem til avslutning på hovudet. Til side for mål.
Hyen får sitt første hjørnespark etter tjuefem minuttar. Olav har ingen problem med å plukke ballen og set hurtig i gang.

Ved neste stopp i spelet kom Daniel og Sundbye inn på høvesvis topp og sentral midtbane.
Ti minuttar seinare er det duka for Joakim og Kristoffer H sin entré. Joakim går inn i backrekka medan Kristoffer H blir Daniel sin makker på topp.
Minuttar seinare kjem Hyen til avslutning frå kort hald, men Olav er tidleg nede og får avverja med ein god beinparade.

Kort tid seinare er same mann oppmerksam og snappar ein gjennombrotspasning. Han set tidleg i gang i retning Tony som vender opp og spelar Kristoffer H igjennom aleine med keeper. Keeper kjem ut, vinkelen er skrå, og ute i straffefeltet kjem spissmakker Daniel. Kristoffer H oppfattar dette og legg ballen ut femogførti til Daniel som sklir inn 1-0 etter 36 minutt.

Fire minutt seinare spelar Daniel  vegg med Andreas. Plutseleg er han igjennom på høgresida og prøvar å nå Kristoffer, som er på løp inne i boksen, med eit innlegg, men Hyen vil også gjerne teikne seg i målprotokollen. Innlegget treff førsteforsvararen og finn vegen i nettet bak ein utspelt hye-keeper. Men vi gir målet til Daniel. 2-0!

Stort meir skjer ikkje før dommar Nils Paulen bles av for pause. Ikkje mykje å setje fingeren på dei første førtifem, anna enn at vi framleis har ein tendens til å berre nytte den sida eit angrep startar på. Det blir lagt vekt på i pep-talken. Alle blir eininge om at i andreomgang skal spelet vendast i langt større grad.

Ved sideskifte Jonas har snøra på seg støvlane og inntatt den eine av to indreløparroller på midtbana.
50 minutt er spela då Daniel får vendt opp og vendt av påpassaren sin. Han tek eit par steg innover i bana og skyt i motsatt hjørne. Keeper får ei hand på ballen og slår til hjørnespark.
Det påfølgjande målsparket frå keepren til Hyen blir stussa vidare og forsvaret må rygge. Ei lita misforståing mellom Fauske og Olav gjer at Hyen sin angripar får ein enkel jobb med å redusere til 2-1 på blank kasse. Shit happens!

Tambar svarar umiddelbart. Daniel blir spelt fri av Kristoffer. Han kjem aleine med keeper, rundar han og trillar ballen i mål. Men scoringa blir annullert for offside. Truleg ei korrekt avgjersle ifrå pipeblåsar Paulen.
Så er det Jørgen sin tur til å entre bana. Han går inn på den viktige høgre kantrolla, og spelar ein verkeleg bra kamp! Den som les vidare får vite kvifor.
 Den første timen er unnagjort då Sundbye og Hyen sin målscorar går opp i ein hovudduell. Hyenspelaren får seg eit trøkk i tinningen og Sundbye blir lønna med gult kort. Eit hendig uhell.
Fem minuttar seinare blir Daniel atter ein gang spela fri. Denne gang av Fauske. Ungguten er kald. Kaldare enn slush. 3-1.

Etter 70 minutt mottar Sundbye ballen inne på Hyen sin banehalvdel. Han observerar at Jørgen har starta eit løp ifrå djupet på høgrekanten, og chippar på elegant vis ballen over backrekka til Hyen. Jørgen tar ned ballen og bankar den opp i nettaket bak ein sjanselaus målvakt. 4-1!
På sidelinja er det god stemning. Det är inte Drillo-fotboll, det här, kjem det ifrå vår svenske Messias, eller Tony som han eigentleg heiter.
Med eit kvarter igjen å spele jagar Kristoffer ein lang gjennombrotspasning. Det gjer også Hyen sin keeper. Då ender det som det må gå når ein lynrask naustedøl og ein politimann med odelsrett krigar om ballen. Hyen-keeperen er kjapt nede og får kasta seg etter ballen. Så kjem Kristoffer skliande. Det vert ampert i to og eit halvt sekund før dei skværar opp, og det er god stemning igjen. Kristoffer blir andremann på blokka til dommar Paulen.

Etter 78 minutt bryt Hyen eit angrep og spelar ballen i bakrommet til eit angrepsvillig heimelag. På ny er Fauske observant og ryddar opp. Han får pressa spissen utover mot sidelinja får han set inn taklinga og vinn tilbake ballen med ei god takling.

Ti minuttar før slutt får vi vårt femte mål. Angrepet startar på venstresida, blir spela inn på midten, så vidare ut til på høgrekanten Jørgen som dyttar ballen vidare til Tomas som no er komen inn i ei framskutt rolle sentralt på midten. Han avanserar nokre meter og fyrer av ein markkrypar ifrå tjue meter. Stang inn og 5-1!

Tre minuttar seinare gjentar det heile seg. Ein lang ball blir slått opp mot Jørgen som dempar den til Tomas. På halv volley klemmer han til ballen som susar opp i det høgre hjørnet. Vakkert. 6-1.

Heimelaget har framleis meir å gi. Jonas utfordrar midtstopparen til Hyen, tut-tut seier det medan ballen trillar mellom beina på forsvararen og Joans får avslutta. Keeper er kjapt nede og får slått ballen unna. Iben er først på returen og dyttar ballen vidare ut til Jørgen som avsluttar, men keeper får fista ballen over mål til hjørnespark.

Minuttet før full tid fastset André sluttresultatet til 7-1. Han mottar ballen på venstrekanten, trakkar innover i bana og avsluttar i motsatt hjørne.

Ein komfortabel seksmålssiger i ein kamp der det blir vanskeleg å trekkje fram enkeltspelarar då vi fungerte som eit lag til tross for mange spelarbytter. Og endå vansklegare å peike på dårlege prestasjonar – for dei var fråverande i dag. Men det blir vanskeleg å kome utanom Daniel som scorar hat-trick på ein halvtime i sin første kamp på seniornivå! Elles gjorde Sundbye ein fin figur sentralt på midten med mange lekre pasningar, og ei innstilling som ga trenar Tony fuktige gommar. Jørgen scora sitt første og hadde i tilegg to målgivande, alt dette i løpet av åtte minutt.
Refferat frå kampen: Espen Langedal

 

A-laget har med fyljande tropp:

Anders Aase
Andrè Sølvberg
Andreas Vatne
Henrik Hunders
Iben Andrè
Joakim Engebø
Jonas Paulen
Jørgen Angvik Helgheim
Kristoffer Fauske Helgås
Kristoffer Hammarseth
Nicolai Sundbye
Nikolai Stølsvik
Olav Hundershagen
Tomas Andal
Torgrim Østgård
Daniel Grimset Kvalvågnes ( Guttelaget )

 

 

Treningskamp

Torsdag 22.mars kl.19.30

Tambar-Førde4 2-1 (1-1)
Naustdal stadion, kunstgras

1-0 Andrè Sølvberg
1-1 Førde 4
2-1 Henrik Hundershagen

Dommer: Odd Kaare Nøstdal

 

Tambar sitt A-lag spela til tider ut Førde 4 i treningskampen på Naustdal stadion i går kveld. Berre utur og uduglegheit frå Tambarspelarane, og ein god Førdemålvakt, gjorde at det ikkje sto både 2 og 3-0 etter kort tid i første omgang.

Tambar viste også i denne kampen mykje bra spel, spelarane jobbar godt og det er ein hærleg "guts" i heile laget. Med litt meir ro og kreativitet framfor motstandarmålet trur vi at laget vil score mange mål i årets serie.

Tambar gjekk opp i leiinga etter omlag halvtimen spelt i fyrste omgang. Andrè Sølvberg scora sikkert, etter å ha sprunge frå heile Førdeforsvaret på høgresida og sette ballen kontant i nota. Førde fekk si scoring like før pause, og 1-1 var også pauseresultatet.

I andre omgang scora Henrik Hundershagen sikkert på straffe, etter at Tomas Andal vart felt på veg gjennom Førdeforsvaret.

2-1 seier til Tambar, som allerede søndag spelar ny teningskamp på stadion. Då kjem 6.divisjonslaget Hyen på vitjing.

 

A-laget hadde med fyljande tropp:

Anders Aase
Andrè Sølvberg
Andreas Vatne
Espen Langedal
Henrik Aase
Henrik Hunders
Iben Andrè
Joakim Engebø
Kenneth Nøstdal
Kristoffer Fauske Helgås
Marius Herstad
Nikolai Stølsvik
(Olav Hundershagen)
Ole-Bertil Elvebakk
Tomas Andal
Torgrim Østgård

 

Treningskamp

Søndag 18.mars kl.13.00

Eikefjord-Tambar 9-0 (4-0)
Eikefjord stadion, kunstgras

Dommer: Ragnar Åmot

 


På bildet: Jonas Paulen, Henrik Aase og Henrik Hundershagen.

Tambar møtte eit godt Eikefjordlag til treningskamp på kunstgraset på Eikefjord stadion i dag. Heimelaget fekk si fyrste scoring allerede etter 12 minutter, og med ytterliggare tre mål, gjekk laga til pause på stillingen 4-0.

I andre omgang fortsette Eikefjord med høgt trykk mot Tambarforsvaret, og scora heile 5 gonger i denne omgangen.

Tambar viser i perioder bra spel og kjem til nokre sjanser i både fyrste og andre omgang. Blandt anna kjem Espen seg rundt keeper, men vinelen blir for spiss då han skal sette ballen i det åpne målet.

Tambartenaren er klar på det fortsatt er mykje å ta tak i fram til seriestart, og fleire treningskamper er nødvendig framover.

A-laget hadde med fyljande tropp:

Anders Aase
Andrè Sølvberg
Andreas Vatne
Espen Langedal
Henrik Aase
Henrik Hunders
Iben Andrè
Jonas Røyseth Paulen
Kristoffer Fauske Helgås
Kristoffer Hammarseth
Marius Herstad
Nikolai Stølsvik
Tomas Andal
Torgrim Østgård
Ole-Bertil Elvebakk

 

 

 

Treningskamp

Torsdag 15.mars kl.19.00

Gaular-Tambar 3-5 (1-3)
Sande stadion, kunstgras

0-1 Torgrim Østgård
1-1 Gaular
1-2 Nikolai Stølsvik (str.)
1-3 Andrè Sølvberg
2-3 Gaular
3-3 Gaular
3-4 Iben Munkvoll
3-5 Espen Langedal

 

Endeleg er dei nye formasjonane til A-laget i ferd med å sette seg. Trener Tony var i startellevaren i kveldens kamp, og gjorde nok sitt til at spelarane fann sine rette posisjonar tidleg i kampen. I kveldens kamp fekk vi sjå eit innsatsfyllt og spelande Tambarlag i aksjon, der formasjonstreninga på dei siste treningane endeleg ber frukter.

Gaular starta kampen best, og med hurtige kantar gjorde dei det vanskeleg i perioder for dei tre bakerste i Tambarlaget. Tambar reid av den verste stormen, og tok over initiativet på kampen ganske så kjapt. Med flankespelarane på rett plass, gjorde dei det etterkvart så vanskeleg for heimelaget. Tambar tok ledelsen i kampen, då midtdtopper Torgrim Østgård var fint framme og putta ein godt slått corner etter omlag 20 minuttar ut i omgangen.

Få minutter etter slo Gaular tilbake og utligna til 1-1, der Tambarkeeper Henrik Aase (!) måtte sjå ballen bak seg i mål.

Tambar tok no meir og meir over banespel og varta opp med mykje god fotball, i lengre perioder var det faktisk spel mot eit mål. Noko anna enn straffe kunne det ikkje bli då Tomas Andal fekk tråkle seg gjennom Gaularforsvaret og ein Gaularforsvarer klippte han ned. Dermed gjekk Tambar opp i ei 2-1 leiinga, då Nikolai Stølsvik sette straffen sikkert i mål.Tredje målet til Tambar kom etter ein flott stikker frå Henrik Hundershagen til Andrè Stølsvik på venstreflanken. Andrè lurte av samtlige Gaularspelarar på sin veg mot mål, og klinka ballen utagbart bak Gaularkeeperen.

Laga gjekk til pause med ein fullt fortent 3-1 leiing til Tambar. Faktiskt hadde det ikkje vore noko å sei på om Tambar hadde putta nokre fleire mål i denne omgangen.

Som i fyrste, starta Gaular også 2.omgang best. Laget fekk to gratismål av Tambar sin nye keeper for omgangen, Ole-Bertil Elvebakk (!). Dermed hadde heimelaget henta innatt Tambarledelsen, og laga var likt med 3-3 i målprotokollen.

Gaular hadde vel håpa på at Tambarlaget no var ferdig spelt, og kunne hente seieren heim. Men Iben Munkvoll ville det annaleis. 10 minuttar før kampslutt, fekk han ballen på omlag 18 meter, tok eit skritt til høgre og lobba ballen elegant over ein utspelt Gaularkeeper, og i mål. Vakkert!

Like før slutt fekk den omskulerte midtstopperen, Espen Langedal, også sin fyrste og etterlengta (?) scoring. Med scoring frå midtbana, med eit skot/pasning som lurte både gaular- og Tambarspelrar, inkudert keeper, kunne laget juble etter 5-3 mot 5.divisjonslaget Gaular.

Som tidligare nemt spelte Tambar ein svært god 1.omgang, der alle lagdeler fungerte veldig bra. Forsvarstrearen hadde for det meste god kontroll på hissige motstandere. Midtbana vann ballar som vart servert både til høgre og venstre flanke, medan spissane kom til eit hopetal av sjansar. Andreas Vatne fekk sin fyrste treningskamp i kveld. Han gjorde ein framifrå jobb på midtbana, og hadde sterk medverknad på det gode spelet der. Også Jørgen Helgheim kom innpå i kveldens kam, hans fyrste. Han jobba godt mot aggresive Gaularforsvararar. Keeperplassen vart det rift om i kveld, då lagets faste keeper, Marius Herstad, ikkje hadde anledning til å være med.

Neste treningskamp er mot Eikefjord (5.div) søndag 18.mars kl.13.00, i Eikefjord. I den kampen får laget tilbake keeperen sin, viss ikkje dagens tok keeperar overbeviste trenaren så mykje at det kan bli eit keeperbytte :)

 

A-laget hadde med fyljande tropp:

Anders Aase
Kristoffer Fauske
Torgrim Østgård
Ole-Bertil Elvebakk
Henrik Hundershagen
André Sølvberg
Andreas Vatne
Tomas Andal
Espen Langedal
Jörgen Helgheim
Iben Munkvoll
Nicolai Sundbye
Nikolai Stølsvik
Kristoffer Hammerseth
Henrik Aase

(Marius Herstad)

Formasjon: 3 - 5 - 2

 

 

 

Treningskamp søndag 11.mars
Tambar-Sunnfjord Folkehøgskule 2-3 ( 0-2 )

0-1 SFHS
0-2 SFHS
1-2 Kristoffer Fauske
1-3 SFHS
2-3 Nikolai Stølsvik (str.)

Dommer: Nils Paulen

 


Duell: Tomas Andal i duell med ein spelar frå laget til Sunnfjord Folkehøgskule.

A-laget fekk god motstand i dagens treningskamp mot Sunnfjord Folkehøgskule, som vart spelt i duskregn men gode baneforhold på Naustdal stadion.

Tambar åpna kampen best, og laget spela mykje bra fotball i perioder og kom til ein del sjansar som det fort kunne blitt mål utav. Særleg når laget brukte flankane på begge sider og fulgte opp med midtbana vart det farleg framfor gjestane sitt mål.

I andre enden av bana, hadde Tambarforsvaret bra kontroll. Dette til tross for at trenaren i denne kampen hadde valg å køyre forsvaret med tre mann.

Midtvegs i omgangen var det motstandarane frå Førde som var frampå og scora kampens fyrste mål. Ein SFHS-spelar fekk stå svært så åleine inne i feltet og motta ein feilpasning frå ein Tambarforsvarar, og hadde strake vegen til heimemålet og Marius Herstad i Tambarmålet måtte berre sjå ballen trille forbi og konstantere att gjestane leda 1-0.

0-2 kom ved eit frispark frå omlag 18-19 meter, der ballen sneik seg inn nede til venstre for Tambarkeeperen. Skotet var ikkje av det harde slaget, men ballen fekk ein stuss i den våte matta og utmanøvrerte kanskje keeperen noko.

I andre omgang gjorde Tony nokre endringar. Blandt anna kom Ole Bertil inn på spissplass, kanskje noko uvant for forsvarsspelaren. Det vart no noko meir sting i angrepet, og Tambar kunne etter få minutter ut i denne omgangen konstantere at laget reduserte til 1-2. Ole Bertil vann ballen i feltet, fekk sendt den vidare til ein bra plassert Kristoffer Fauske som lurte ballen bak keeper og i nota.

Tambar var no bra på høgget, og kunne med meir ro og kosentrasjon ha putta fleire mål. Men, mot spelets gang, var det Førdelaget som på ny var frampå og gjekk opp i ei 3-1 leiing.

Espen Langedal vart den andre forsvarsspelaren som vart omskulert til angripar i dagens kamp. Espen bidrog med mykje positivt i angrep, og var nesten heilt igjennom forsvaret då gjestane måtte ty til ulovleg middel for å stoppe han. Med felling rundt 5-meteren, kunne ikkje dagens dommar, Nils Paulen, gjere anna enn å peike på straffemerket. Nikolai Stølsvik er plukka ut til å ta lagets straffer. Og kald og roleg sette han straffa i mål til høgre for SFHS-keeperen.

Dermed var stillingen 2-3 og Tambar var med dette inne i kampen att. Men det vart for knapp tid med berre tre minutter att av kampen å gjere det på, og Sunnfjord Folkehøgskule kunne gå av bana som vinner med 3-2.

Tambar spelte sin andre treningskamp og fekk med det sitt andre tap. Trenaren har nok ikkje mest fokus på resultatet i denne kampen heller, men er meir interessert i å komponere eit spelande og godt Tambarlag. Ikkje veit vi kor han ligg i løypa for førsteellevaren, og endå var det fleire i troppen som ikkje var med i dagens kamp. Med forsvarsspelarane som vart flytta fram i angrep, seier oss at han fortsatt er på leit etter nokon som kan bidra meir for at laget skal score meir mål. I forsvar har det sett ganske trygt ut i dei to kampane, sjølv om dagen spelesystem med tre mann bak var noko uvant for spelarane. Her blir det sjølvsagt viktig at midtbana og flankane tek ansvar, noko vi i dagens kamp såg at dei i perioder sleit med.

Neste treningskamp er mot Gaular torsdag 15.mars kl.19.00 på Sande.

BILDER FRÅ DAGENS KAMP

 

 

Treningskamp onsdag 29.februar
Tempo-Tambar 3-1 (0-1)

0-1 Nicolai Sundbye
1-1 Tempo
2-1 Tempo
3-1 Tempo

 


Leda til pause: Tambar spela ein god fyrste omgang i treningskampen mot Tempo, og vi ser
laget under pausen der dei leda fortent 1-0.

 

Tambar Fotball sitt A-lag spela i går sin fyrste treningskamp for året, noko som også var fyrste gong spelarane fekk kjenne "graset" under knottane denne vinteren. Motstander var Tempo i ein kamp som vart spelt på den flotte kunstgrasbana til Eikefjord.

Tambar var det klart beste laget i fyrste omgang, der laget overraska med mykje bra spel og gode bevegelsar, og der pasningsspelet til tider var svært så god. Forsvarsfiraren var trygge og gode, midbanspelarane hadde god kontroll og angriparane kom til mange gode målsjansar. På sidelinja fekk spelarane tommelen opp frå trenaren fleire gonger, som tydeleg var nøgd med mykje av det han såg. Tambar fekk si scoring etter omlag 30 minutter ut i kampen, der Nicolai Sundbye vart laget fyrste målscorar.

Laget hadde med 19-20 mann til treningskampen, der det var bestemt at alle skulle få speletid. Difor vart også 2.omgang noko "rotete" og på langt så bra som fyrste omgang vart. Tempospelarane scora tre mål i denne omgangen, der minst to av scoringane burde vore avblåst for offside. No skal det seiast at kampens dommer var trener for Tempo, og utan noko som helst erfaring med dømming, stilte han sporty opp som kveldens dommer.

Sjølv om Tambar måtte reise heimatt frå Eikefjord med tap i sin fyrste treningskamp for året, vart dette ei god gjennomkøyring for laget på kunstgraset. Trenaren fekk sjå spelarane i sitt rette element, og seier dette var viktig for hans vidare arbeid med laget.

 



 

 

 

 

 

 

 
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net
 
cheap jordans louis vuitton outlet louis vuitton outlet retro jordans cheap jordans foamposites for sale louis vuitton outlet jordan 6 sport blue beats by dre cheap foamposites black suede michael kors outlet history of jordan 6s louis vuitton outlet kate spade outlet legend blue 11s kate spade handbags Cheap louis vuitton louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet Louis Vuitton Outlet Cheap Oakley Sunglasses lululemon outlet coach outlet online louis vuitton outlet louis vuitton outlet coach factory outlet sport blue 3s jordan 3 sport blue jordan 6 history of Jordan Michael Kors Outlet louis vuitton outlet sport blue 3s coach outlet online louis vuitton outlet louis vuitton outlet sport blue 6s lebron 11 history of jordan 6s louis vuitton outlet cheap jordan shoes