Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

 

 

 

Arkiv 2009

Juli - desember 2009

05.12.09 Fin pokalfangst av smågutelaget i årets sesong


Bilde: Tambar sitt smågutelag har henta heim mange pokalar i årets sesong. F.v. ser vi
pokalane frå:
Avdelingsmesterskap  2009 (2 div. smågut.), Vinnar Grodåscup 2008 (årsklasse1995),
Vinnar Sunnfjordcup 2009(1996), Vinnar Grodåscup 2009(1995),
3 plass Grodåscup 2009(1996), 2 plass Førdecup 2009(smågut),
2 plass Tambarcup 2009(smågut).
Foto: Henning Malones.

Tambar Fotball sine smågutar har hatt ein flott sesong, der dei blandt anna vart avdelingsvinnarar i smågutane sin 2.divisjon. Under Grodås Cup gjekk laget heilt til topps, og der lagets keeper, Jacob Storevik, vart kåra til turneringens beste spelar.

Laget hadde i slutten av forrige månad avslutning for sesongen på Håjen, der spelarar, trenarar og oppmann hadde oppsummering av årets sesong med pizza.


Bilde: Smågutelaget vart vinnar av Sunnfjord Cup 2009 (Florø).


Bilde: Smågutelaget etter premieutdelingen i årets Grodås Cup.
Meir frå Grodås Cup 2009

 

28.11.09 Florø-Førde dominans på Bylag Sunnfjord


Bilde: Andrè Sølvberg er heimesittande reserve på Bylag Sunnfjord i dagens turnering i Førde. På bildet ser vi han i ein smågutekamp mot Førde tidlegare i år.

10 av 18 spelarar frå Florø.

Spelarar frå Florø og Førde dominerer stort etter at uttaket til dagens turneringa i Førde er klart. Florø er klubben som er representert med flest spelarar, då heile 10 gutar er med i dagens stall på Bylag Sunnfjord. Førde har fått med halvparten av det Florøklubben er representert med, nemlig 5 spelarar. Utanom desse 15 frå Florø og Førde, er ein spelar frå Jølster, Gaular og Dale med i den 18-manns store troppen.

Einaste Tambarspelar som fortsatt er med på Bylag Sunnfjord, Andrè Sølvberg, er ein av fire spelarar som er sokalla heimesittande reservar.

I dagens turnering, som er for gutar 1995/95, møter Bylag Sunnfjord sonelaga frå Sogn og Nordfjord.


Bilde: Tambarspelar Trine Einevoll ( i raudt ) deltek på Bylagsjentene si samling i dag. Bildet er henta frå ei av treningssamlingane til Bylag Sunnfjord på Naustdal stadion.

Jentene sitt Bylag Sunnfjord skal også i elden i turneringa på Førde kunstgrasbane i dag. På dette laget er Tambar Fotball representert med to spelarar, jentespelarane Trine Einevoll og Catrine Nøstdal. Bylag Sunnfjord jenter møter òg sonelaga frå Sogn og Nordfjord.

 

26.11.09 Sesongen 2009 - i bilder

Årets sesong ute er for lengst over for samtlege lag i Tambar Fotball. No er det innefotball og hall som gjeld nokre månader framover. Vi har allerede hatt Førde Cup og Auto Marin Cup, og etterkvart kjem Veslefrikk Cup, Tambar Cup og KM-kvalifisering for å nemne nokre.

Også i år har det vore veldig bra aktivitet i den aldersbestemte fotballen i Tambar Fotball, der stadig fleire unge finn ut at fotball er gøy.

Fullt så gøy er det ikkje blandt dei eldre fotballspelarane i klubben. Sjølv om Tambar sitt senior herrelag var på høgde med dei fleste lag i årets 5.divisjon, må dei ta den tunge vegen attende til 6. i 2010 sesongen. Om dei i det heile klarar å stille lag til neste sesong er enno uvisst. Med ein heller tynn stall og med ein trenarkabal som enno ikkje er løyst, ser det pr dags dato noko spøke ut. Men det vert jobba aktivt både med nye spelarar og trenar, så ein får tru at det ordnar seg.

Også i år har det vore vanskeleg å etablere eit stabilt damelag i Tambar Fotball. Sjølv om det såg lyst ut før sesongstart ( noko det har gjort før sesongstart tidlegare ! ) vart det ein noko slitsom affere for å kome seg gjennom sesongen med nok spelarar på bana til kvar kamp. Om det vert damelag i bygda neste sesong, er enno uvisst. Men tek ein utgangspunkt i stallen ein hadde disponibel i årets haustsesong, vert det vel neppe nok spelarar til eit senior damelag.

I årets sesong har det, som ved tidlegare år, handla om meir enn dei terminfesta kampane. Alle aldersbestemte laga til Tambar har også i år delteke i ulike cupar og turneringar. Tradisjonen tru var Tambar Fotball også i år godt representert på Grodås Cup.

Elles hadde vi med lag i Sunnfjord Cup (Florø), Høyang Cup og Førde Cup. Lilleputtane hadde sine eigne turneringar i Eikefjord, Florø og Naustdal (Svelgen avlyst). I eigne turneringar/cupar har Tambarlaga delteke på Tambar Cup, Kongleriket Cup og Bend It Cup.

Fotoglimt frå årets sesong
Du finn òg fleire bilder frå 2009-sesongen om di klikkar på bildet under

 

 

25.11.09 Flott julegåve - godt kjøp

Er du ein av dei som enno ikkje har sikra deg boka om Tambarskjelvar IL? No blir boka lagt ut for salg til sterkt redusert pris. Dermed har du sjansen til å sikre deg denne flotte boka, til deg sjølv, eller som årets julegåve. Ifylje hovudlaget si heimeside, vil tilbodet vare berre i desember månad.

Boka er skreven av Ivar Longvastøl og Åsmund Bertelsen, og inneheld Tambarskjelvar IL si historie. Dette er avgjort ei bok som bør befinne seg i dei fleste heimane i bygda, og ei flott julegåve til utflytta Naustedøler.

Ordinær pris på boka er kr. 349.-. I desember månad vert den seld for berre kr. 200.-

Sjå bilder frå boksleppet av boka, 21.05.08

 

23.11.09 Lite interesse for Futsal i Sogn og Fjordane

Rekordmange påmeldingar til Futsal-KM på Sunnmøre.

Heng ikkje laga i fylket vårt med i svingane, eller er Futsal enno så nytt og lite praktisert i laga rundt om i Sogn og Fjordane? Eller er dette ei speleform klubbane ikkje ynskjer å konkurere i? Kanskje Sogn og Fjordane Fotballkrets har forsømt seg?


Ein kan jo begynne å lure, når ein ser antal påmeldte lag til historiens fyrste Futsal-KM som er planlagt i Høyanger komande helg. inntil i dag er det meldt seg 6 herrelag og 2 damelag, der fristen for å melde seg på gjekk ut den 19. I håp om at ein i det heile tatt skal klare å gjennomføre dette historiske Kretsmesterskapet, har Sogn og Fjordane Fotballkrets utvida påmeldingsfristen til 23.november (i dag).

* Futsal - Sogn og Fjordane Fotballkrets

Om vi rettar blikket noko nordover og like over fylkesgrensa, endar vi på Sunnmøre. Her kjem vi til Futsalens Mekka, iallefall om vi ser på antal påmeldte lag til Futsal-KM. Ifylje Sunnmøre Fotballkrets si heimeside, er det påmeldt heile 242 lag til Kretsmesterskapet. No skal det nemnast at her spenner det seg frå gutar og jenter frå 13 år, og opp til senior damer og herrar.

* Futsal - Sunnmøre Fotballkrets
* Regler Futsal - Sunnmøre Fotballkrets

At Futsal vil kome sterkt også her i fylket, er det liten tvil om. Om det må modnast noko hjå klubbane våre, og kor lenge Futsalballen må hengje til modning, vil tida vise. Futsal er mykje likt innandørs fotball slik vi kjenner den, der ein spelar med fire utespelarar og keeper. Men samstundes er spelereglane for Futsal noko ulike dei som vert praktisert ved "vanleg" innandørsfotball. Blant anna brukar ein ein anna type ball, som er mjukare og med lite sprett i.

* Spelereglar Futsal (Frå futsalopen.com)

Eit anna spørsmål som dukkar opp i ein slik Futsal-diskusjon, er dommarar. At dei fleste klubbar slit med å rekruttere dommarar er ein ting. Men er den noverande dommarstanden skulert og klar til å ta imot Futsal-turneringar og Futsal-cupar? I og med at Futsal har ei noko annaleis speleform, krev det òg at kampleiarane er trygge og kvalifisert til oppgåva dei blir sett til. I nobofylket sør for oss, Hordaland, der også Futsal er meir oppe og går enn her heime, er det nok av eksempel der dommarstanden diverre ikkje held mål som Futsal-dommarar.

Har du ei meinig eller kommentar til tema over, er du velkomen til å ytre deg om det * HER.

 

21.11.09 Treningstider Naustdalshallen


Foto: Trening i Naustdalshallen.

Tidene for Tambar Fotball sine treningar i Naustdalshallen er no sett inn i "Treningskalendaren 09/10. Kalendaren finn du på venstre side under "Treningstider > Naustdalshallen". Du finn den òg om du går direkte inn HER.

Også denne vinteren er tirsdag basisdag for fotballen i hallen, men mandag og fredag er òg teke i bruk nokre timar.

Treningskalendaren for stadion står enno tom. Men vi reknar med at mange av laga ikkje nøyer seg med dei få treningstimane dei har fått tildelt inne. Ein reknar med at kunstgrasbana vil bli tilgjengeleg treningsareal også i vinter, der det vil bli salta og brøytt ved behov. Pr dags dato er det glimrande treningsforhold på stadion.

Finn du feil eller manglar i Treningskalendar, gi MEG ein pip.

 

20.11.09 Uttak fotballskule - gutar og jenter


Bilde: Ola Rognebakke ( t.h.) er plukka ut til fotballskulen. Her ser vi han i kamp mot ein Florøspelar tidlegare i år.

Fem jenter og fire gutar frå Tambar Fotball uttekne.

Endeleg uttak til fotballskulen 2009/10 for 96-97 spelarar er no klar. Fyljande spelarar frå Tambar Fotball er klar:
Jenter: Silje-Olin Yksnøy, Martine Mallasvik, Birgitte Ask Nordnes, Maria Slettehaug og Iris Aase. Gutar: Ola Rognebakke, Martin Skilbrei, Daniel Grimset Kvalvågnes og Jacob Storevik.

MERK! For at dei uttekne spelarane skal få direkte info vedr. fotballskulen, sender kvar enkelt inn fyljande opplysningar:

Neste treningar for fotballskulen vert onsdag 9. og 16 desember, kl. 17.30 for jentene og kl. 19.00 for gutane. Dei som er uttekne, må rekne med å møte på ei trening og ein kamp etter jul. Alle treningane vert gjennomført i Førde, kunstgrasbana.

Heile uttaket finn du her

 

19.11.09 Kampoppsett Auto Marin Cup i Askvoll

Askvoll/Holmedal IL arrangerer Auto Marin Cup komande helg, og Tambar Fotball er representert med 5 lag til denne innandørscupen. Fleire har etterlyst kampoppsettet til helgas arrangement, og for få timar sidan tikka oppsettet inn på vår e-mail ( Takk Espen ! ).

Kampoppsettet finn du her

 

19.11.09 Bylag Sunnfjord har trening på stadion i kveld


Bilde: Bylag Sunnfjord 2009. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Sonelaget til Sunnfjord, Bylag Sunnfjord, har trening på Naustdal stadion i kveld frå kl. 17.30 - 19.00. Treninga i kveld er utanom den oppsette planen, men vil bli prioritert før eventuell anna trening på stadion i dette tidsrommet. Sonelaget vil bruke halve bana på kveldens trening.

På Bylag Sunnfjord finn vi Tambarspelarane Trine Einevoll og Catrine Nøstdal.

 

15.11.09 Sølv til smågutelaget


Bilde: Tambar sitt smågutelag tok sølv i Førde Cup. Her ser vi laget etter premieutdelinga.

Tambar sitt smågutelag tok ein fin-fin andreplass i årets Førde Cup i dag. Laget har spelt god fotball gjennom heile turneringa, men måtte sjå seg slått av smågutane frå Vik i dagens finale. Vik scora allerede frå avspark, og gutane frå Tambar måtte til slutt sjå at Vik scora fire mål til i finalen. Dermed enda kampen 5-0 til Vikjene.

Tambar sitt juniorlag laga dramatikk i bronsefinalen mot Bergsøy 2. Etter ordinær tid var stilliga 3-3. Då ingen av klarte å scora i ekstraomgangen, måtte det straffesparkkonkuranse til for å kåre ein bronsevinnar. Diverre gjekk det ikkje Tambar sin veg her, og dei måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen.

Resultat

 

14.11.09 Førde Cup: 6 av 7 Tambarlag vidare

Tambarlaga markerer seg flott i årets Førde Cup. Etter dagens kampar, går heile seks av Tambar sine sju lag vidare til A-sluttspelkampane i morgon. Einaste lag frå Tambar som ikkje går vidare, er Tambar sitt eine gutelag. I ein jamn junioravdeling havna Tambar på andreplass i pulja si, og er klar for morgondagens A-sluttspel. Eit av laga i denne pulja som ikkje gjekk vidare, var Førde 1. Dette laget tapte 5-3 i gårsdagens kamp mot Tambar.

Sjå resultat og sluttspeloppsett

 

11.11.09 Småjentelaget til Tambar "startar" Førde Cup


Bilde:Tambar sitt småjentelag, med bl.a. Maria Slettehaug og Kristina Nyman, møter Gaular i fyrste kamp.

Komande helg er det klart for Sparebanken Vest Førde Cup, der småjentelaget er fyrste lag for Tambar som skal i elden. Laget spelar den fyrste kampen i årets Førde Cup mot Gaular klokka 19.00 på bane 1. Deretter går det slag i slag for Tambarlaga denne kvelden, med 13 kampar totalt fredag kveld, før ein fortset med kampane lørdag. Sluttspelkampane startar opp søndag morgon.

Slik spelar Tambarlaga i Førde Cup
Heile kampoppsettet

 

09.11.09 Oda " Årets unge spelar" i Førde


Bilde: Oda Heggedal Longvastøl vart kåra til "Årets unge spelar". Foto: www.forde-fotball.no

Tidlegare Tambarspelar, Oda Heggedal Longvastøl, vart i helga kåra til "Årets unge spelar" då Førde sitt damelag feira seg sjølv med utdeling av ymse prisar og ditto fest.

Oda, som var innom dei fleste lag ( både gut- og jentelag ) dei åra ho var i Tambar Fotball, meldte før årets sesong overgang til Førde. Denne sesongen har ho vore fast i stallen til Førde sitt damelag, som vann årets 3.divisjon og som neste sesong skal bryne seg på lag i 2.divisjon. Bl.a. skal Førde møte Avaldsnes, som har vinnaren av årets Gullballen i troppen, Cesilie Perdersen.
Vi gratulerer Oda med den gjeve prisen, og ynskjer ho lukke til vidare !

Desse laga møter Førde sitt damelag i neste års 2.divisjon: Avaldsnes, Fana, Hordabø, Hinna, Kaupanger, Klepp 2, Loddefjord, Sandviken 2 og Stord/Solid/Trott.

 

06.11.09 No kan du Google heimesida

Leitar du etter noko her på sida, som du ikkje finn att ? Referat frå ein kamp eller Bend it Cup i fjor? Eller er du berre nyfiken og vil sjå kva som har stått skreve om Ola Rognebakke eller Oline Paulen?

No har du muligheit å Google heimesida til Tambar Fotball. Det er ein heilt vanleg søkemotor som du kjenner frå nettet, med einaste forskjellen at du søker berre i www.tambar-fotball.com. Det vil sei at du kan søke på det meste som har vore pubisert her på sida tidlegare. Mykje av dette stoffet finn du også i arkivet, men søkemotoren vil kanskje gjere det noko lettare å finne fram til det du ynskjer å sjå. Søkemotoren ligg oppe til høgre på denne sida.

 

05.11.09 Tambar Fotball utan seniorlag neste sesong ?


Bilde: Tambarherrane i kamp mot Dale 2 i årets sesong.

Tambar Fotball sitt senior herrelag held fyrstkomande fredag spelarmøte, der ein skal evaluere årets sesong og legge løpet vidare for eit eventuellt seniorlag i klubben.

Det som er heilt sikkert er at om ein bestemmer seg for å melde på lag neste sesong, vert det 6.divisjonspel for laget. Det som også er sikkert, er at trenarduoen Narve Kirkebø og Roger Edvardsen gir seg som trenarar. Dei to spelande trenarane tok på seg trenarjobben då seniorlaget vart etablert på nytt, vinteren 2007/2008.

Damer senior har hatt to heller slitsomme sesongar. I fjorårets sesong måtte laget trekke seg allerede etter tre spelte kampar i 3.divisjon, då ein fekk store problem med nok spelarar til kampane.

I årets sesong har laget spelt i 4.divisjon, der ein kunne stille med både 11ar- eller 7ar lag. I motsetning til i fjor, gjennomførte laget sesongen i år. Med mange spelarar på "blokka" før sesongstart, vart haustsesongen prega av få tilgjengelege spelarar. Med mange frå årets spelarstall uaktuell for spel neste sesong, ser det mørkt ut for damefotball i klubben for neste sesong.

Men her vil det også bli holdt eit evalueringsmøte om ikkje så lenge. Ein vil då kartlegge om det er "liv laga" for eit damelag for neste sesong.

 

02.11.09 Trine og Catrine på Bylag Sunnfjord


Bilde: Desse jentene representerte Bylag Sunnfjord i turneringa på Eid i går. Catrine Nøstdal i bakarste rekke som nr 5 frå venstre. Trine Einevoll framme til venstre. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Tambarjentene Trine Einevoll og Catrine Nøstdal var med i stallen til Bylag Sunnfjord då dei tre sonelaga hadde turnering på Eid i går. Bylag Sunnfjord tapte fyrste kampen 1-3 mot TEAM Sogn, medan dei vann den andre 3-1 mot TEAM Nordfjord.


Bilde: Trine Einevoll (t.h) og Bylag Sunnfjord i kamp mot TEAM Sogn. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.


Bilde: Catrine Nøstdal (t.h) og Bylag Sunnfjord i kamp mot TEAM Nordfjord. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.

Resultat frå alle kampane og fleire bilder finn du på heimesida til haugenfotball.no.

 

30.10.09 Jentelagets siste kamp prega av influensa


Bilde: Sjølv om det vart tap for jentelaget i siste kamp for sesongen, fekk vi sjå to fine Tambarmål, signert Maria Slettehaug (t.v) og Kristina Nyman i kveldens kamp.

Influensaen herjar bygda for tida, og ikkje uventa vart det meldt mange fråfall til kveldens jentekamp, der Tambar fekk besøk frå Dale. Med så mange fråfall klarte ikkje heimelaget å stille lag, og det vart bestemt at kveldens kamp skulle spelast som 7ar fotball.

Det var gjestane frå Dale som kom best igang i flomlyset, og på ei noko frosen og glatt bane på Naustdal stadion i kveld. Ballen rulla Dale sin veg stort sett gjennom heile 1.omgang, der Tambarkeeper ved eit par høve var uoppmerksam på den glatte ballen. Dermed kunne gjestane gå til pause med ei 6-0 leiing, som nok var nokre mål for mykje etter spel og sjansar i denne omgangen.

I andre omgang var det meir trøkk på Tambarjentene og dei kom stadig til sjansar som fort kunne ha resultert i mål. Og det var heil fortent då Maria Slettehaug plasserte ballen fint til høgre for Dalekeeperen. Og med god innsats frå samtlege spelarar og nok ei fin scoring, denne gongen ved Kristina Nyman, vart det ikkje så heilsvart som det kunne sjå ut etter halvspelt kamp. Sjølv om Dale vann andreomgangen 2-3, var det ein flott omgang av Tambar sine jenter i årets siste seriekamp.

Olav Hundershagen hadde full kontroll som dommar i kveldens kamp.

 

28.10.09 Tambar Fotball oppsumerer årets sesong


Bilde: Fotballgruppa oppsumerer årets sesong.Her frå trenarkurs på Naustdal stadion.

Fotballgruppa samlast til haustens årlege oppsumeringsmøte for den aldersbestemte fotballen i Tambar. Møtet vil bli halde på stemnekontoret i Naustdalshallen onsdag 4.november. Møtet er delt i to, der trenarar og oppmenn for miniputtlaga startar fyrst, nærmare bestemt kl. 18.00. Møtet for dei andre aldersbestemte laga startar kl. 19.30.

 

26.10.09 Har laga heile 77 seriemål i år


Bilde: Tambar sin lillegutspelar Daniel Grimest Kvalvågnes har scora jamt og trutt i årets sesong.

Lillegutspelar Daniel Grimset Kvalvågnes har vist at han veit kor målet står, i årets sesong. På Tambar sitt lillegutlag, LG12, har han kvittert med heile 61 mål denne sesongen. Det vil sei at Daniel i gjennomsnitt har scora i overkant av 5 mål pr kamp. I tillegg til scoringane har han også vore nest sist på nesten like mange mål.

Daniel har denne sesongen også vore ein viktig spelar for Tambar sitt smågutelag. På dette laget har han 16 mål i scoringsprotokollen. Dermed har måljegeren scora heile 77 mål i årets sesong.

 

24.10.09 Tambarspelarar i Bylagsserien og fotballskule


Bilde; Jentespelaren Martine Mallasvik (t.v) skal delta på fotballskule i haust, medan Andrè Sølvberg (t.h) er einaste smågutespelaren som vart utteken til Bylaget.

Den endelege troppen til årets Bylagsserie, Bylag Sunnfjord G94/95, er no klar. Troppen utgjer 22 spelarar, der spelarar frå Florø SK legg beslag på heile 12 plassar. Gledeleg er det at Tambar er representert i årets bylag, der Andrè Sølvberg er ein av spelarane i troppen.

Når det gjeld Bylagsserien for jenter, Bylag Sunnfjord J94/95, var Trine Einevoll Tambar sin representant også på andre samling. Korleis det gjekk med Trine etter det endelege uttaket, har vi enno ikkje fått noko tilbakemelding på.

Til fotballskulen for spelarar fødd 1995/1996 , deltek det 8 spelarar frå Tambar Fotball. Fire jenter: Martine Mallasvik, Birgitte Nordnes, Silje-Olin Yksnøy og Maria Slettehaug. Fire gutar: Daniel Kvalvågnes, Jacob Storevik, Martin Skilbrei og Ola Rognebakke. Fotballskulen er i regi av SFFK og alle treningar skal føregå på kunstgrasbana i Førde.

Sjå troppen til Bylag Sunnfjord G94/95
Sjå alle deltakarane til fotballskulen

 

23.10.09 Velfortente premiar til miniputtane


Bilde: Miniputtane samla etter premieutdelinga.

Omlag 30 miniputtar frå Tambar var samla på Naustdal stadion i kveld, der dei fekk utdelt sine fortente premiar etter endt sesong. Leiar for Tambar Fotball, Bjørn Hundershagen, stod føre utdeling av premiane. Synd var det at ikkje fleire av dei yngste Tambarspelarane hadde møtt opp i kveld, men premiane får dei sjølvsagt, dei også.

Etter premieutdelinga, hadde spelarane høve til å ta minimerket. Nær alle jentene og gutane deltok på det. Kjempeflott !

I kiosken hadde Kari Hammarseth laga nydelege lappar og god kaffi, der ho delte ut til nøgde ungar og voksne.


Bilde: Tore Personbråten deler ut premiar til miniputt-jenter.


Bilde: Bjørn Hundershagen instruerar miniputt-gutane i øvelsane på minimerke.

Fleire bilder ser du her ( Slideshow )

 

22.10.09 Gutelaget med ny storseier mot Førde


Bilde: Gutelaget laga ny målfest då dei i kveldens kamp utklassa Førde 3.

Tambar laga på ny målfest mot Førde 3, då dei vann med solide 8-0 i kveldens kamp på Naustdal stadion. Med ein kamp att å spele er laget vinnar av si avdeling, etter som dei har gått gjennom haustkampane utan tap. Vi gratulerer gutane som avdelingvinnarar og med ein flott sesong !

Ein nøgd trenar, Leif Kvamsdal, har fyljande rapport frå kveldens kamp:

"Etter å ha tapt 13-1 på heimebane var det eit forsterka Førdelag som stilte til kamp i Naustdal. Tambar leverte ein solid kamp og vann 8-0. Stillinga ved pause var 3-0. Måla vart laga av Vegard (5), Kristoffer H. (2) og Henrik Aase (1). Gutelaget har ein kamp att, men har alt vunne pulja si. Siste kampen går neste torsdag mot Gaular på Sande, og målet er klårt: å gå gjennom serien utan tap."

 

21.10.09 Fine besøkstal på heimesida

Det er kjekt å sjå at fleire og fleire ynskjer å halde seg oppdatert på kva som skjer innan fotballen i Naustdal. I våre målingar har omlag 40 000 unike besøkande vore inne på denne sida dei siste 10-11 månadane, og heile 118 000 sidevisningar i same periode. Det viser at folk brukar sida og at nye besøkande kjem til, og det er vi godt nøgd med.

Nokre tal frå sist månad :

  • Totalt for september månad var det innom 4630 unike besøkande.
  • Flest besøk denne månaden var tirsdag 22. med 230 besøkande.
  • Den 22. var det også flest treff på sida, med heile 11723.
  • Tordag den 17. var dagen dei besøgande klikka mest inne på sida, då var det 1226 sidevisningar.

Besøksstatistikken frå nov.08 - okt.09 finn du her

 

21.10.09 Smågutelaget utan tap


Bilde: Tambar sitt smågutelag.

Tambar sitt smågutelag avslutta sesongen med uavgjort i siste kamp borte mot Førde 3 i går kveld. Kampen starta dårleg for Tambargutane og måtte sjå at Førdelaget scora tre gonger før pause. Men i andre omgang kom Tambar sterkt tilbake og utligna Førde sine tre mål. Dermed enda den spennande kampen 3-3.

Dermed har smågutelaget gått gjennom haustsesongen utan tap, og vart vinnar av smågutane si 2.divisjon avdeling 2.

Vi gratulerer med ein vèl gjennomført sesong.

Sjå tabell

 

20.10.09 Bli dommar, du òg !


Bilde: Tambar-dommar Joar Vefring. Her dømmer han smågutekampen mellom Tambar og Førde.

Det er fortsatt mangel på dommarar i Sunnfjordklubbane, også i vår eigen klubb Tambarskjelvar. Men no er det mulig å gjere noko med dette. Sogn og Fjordane Fotballkrets inviterar nemleg til rekruttdommarkurs lørdag 14. og søndag 15. november på Rica Sunnfjord Hotell i Førde.

Kven kan melde seg på dommarkurs ? Jenter og gutar frå 15 år og oppover kan bli rekruttdommar. Det vil sei at dei fleste spelarane på jentelag og gutelag kan være med på dette kurset.

Joar Vefring er ein av dommarane i Tambar som tok rekrutteringsdommar-kurset i fjor. Etter endt dommarkurs har han dømt jamt med kampar på stadion. I tillegg til lokale kampar var Joar ein av dommarane under årets Norway Cup i Oslo. Opplevelsane han hadde på Ekebergsletta desse dagane i august, tek han gjerne igjen.

Få med deg vener og andre du kjenner og meld dikka på dommarkurset snarast. La oss få eit skikkeleg "dommarmiljø" i Tambar Fotball. La oss bli best her òg ! KURSET ER GRATIS !

Spørsmål vedr. dommarkurset: Frank: Tlf.: 95 79 60 41. Bjørn: 91 70 97 01. Gunnar: 99 15 62 35

Her finn du heile programmet for dommarkurset.

 

15.10.09 Bylagsserien: Jentene med samling i kveld


Bilde: Tambarjenta Trine Einevoll var ei av dei som var med på kveldens samling.

I kveld var det jentene sin tur å vise seg fram, då dei samlast på Naustdal stadion til Bylagssamling. I likheit med samlinga for gutane i går, blir det etter kveldens samling plukka ut dei jentene som skal være med vidare og representere Sunnfjord i Bylagsserien. Tambar skulle egentleg ha med fire jenter på samlinga i kveld, men berre to av dei var å sjå på stadion. Vi kryssar også i kveld fingrane for jentene som var i aksjon i kveld.


Bilde: Tambarspelar Kristina Nymann ( t.v. ) tek seg en pust i bakken ilag med ei jente frå Kvammen.

 

14.10.09 Tambarlag deltek på Tempo Cup i helga

FK Tempo fyller i år 40 år og arrangerer i den forbindelse turnering for miniputtar i Storhallen i Florø lørdag 17.oktober. Jentene og gutane som skal delta denne dagen, er fødd i årsklassane 2000, 2001 og 2002. Tambar stiller med to lag til turneringa i Florø, i klasse 2000 og 2002.

Kampoppsett for Tempo Cup finn du her. ( Oppdatert 15.10.09 )

 

14.10.09 Bylagsserien: Tambargutane på samling


Bilde: Gutane i Bylagsserien hadde første samling/uttak i dag . Tambarspelarane Henrik Hundershagen ( t.h.) og Andrè Sølvberg ( i midten ) er klar for fyrste økt.

Fyrste samling i Bylagsserien vart i dag gjennomført på Naustdal stadion. Over 30 spelarar frå Sunnfjord-regionen skulle visa seg fram og kjempe om ein plass for å bli med vidare på laget som skal representere Sunnfjord i Bylagsserien. Gutane vart delt inn i tre lag, og det vart avvikla kampar mellom laga. Gutane frå Tambar gjorde ein bra innsats, og vi får berre krysse fingrane for at dei kjem med vidare.


Bilde: Tambar sin gode smågute- og gutekeeper, Jacob Storevik, gjorde sine saker bra i mål i dagens samling for Bylagsserien.

 

12.10.09 Populære slideshow

Vi starta opp med å vise bilder à la slideshow her på heimesida i sommar, noko som tydeleg har falt i smak hjå mange av brukarane av sida vår. Nærmare 2000 visningar av slideshowa er fasiten fram til i dag, og det tykkjer eg er flott !! Alle slideshowa som er laga fram til no, er blitt samla på ei eiga side. Dette gjer det lettare for deg å gå inn å sjå dei bilda du vil. Vi minnar om at til kvart slideshow er det lagt til musikk. Så her er det berre å klikke seg inn, skru opp musikken og nyte bilde av dei flinke aktørane på bana.

Her finn du alle slideshowa.

 

12.10.09 Smågutane med storseier mot Jølster


Bilde: Jølsterkeeper fekk ein travel kveld på Naustdal stadion i kveld.

Tambar vann heile 12-0 mot gjestane frå Jølster i kveldens smågutekamp på Naustdal stadion. Til pause var stillingen 8-0.

Kveldens Jølsterlag var ikkje noko målestokk for Tambargutane i denne kampen. Det var stort sett spel mot eit mål i begge omgangane, og Tambar burde strengt tatt ha scora fleire enn dei tolv dei putta. Men samtidig skal samtlege spelarar ha ein stor pluss for å jobbe kampen ut. I andre omgang fekk Tambarkeeper Jacob Storevik prøve seg som utespelar, og han kvitterte med eit flott mål. Henrik Hundershagen tok plassen mellom stengene, og gjorde ein grei jobb dei få gangane han vart sett på prøve.
Det var heile åtte målscorarar i kveldens kamp: Nicolai Sundbye (1), Henrik Hundershagen (3), Erlend Malones (1), Jacob Storevik (1), Daniel Kvalvågnes (2), Andre Sølvberg (1), Joakim Engebø (1), Nikolai Stølsvik (1), + eit sjølvmål ( Takk Jacob ! )

Joar Vefring var som vanleg trygg og god som dommar.

Smågutane på toppen av tabellen

 

11.10.09 Eikefjord vart kretsmester i 5.divisjon


Bilde: Jan K.Gabrielsen ( t.v.) scora eit mål i dagens KM-finale mot Gaular. Men her klarte han ikkje å overliste Gaularkeeper Kent Even Hellebust.

Eikefjord vart i dag kretsmester i 5.divisjon etter at dei vann 3-1 mot Gaular i KM-finalen, som vart spelt på Naustdal stadion. Til pause leda Eikefjord 2-0.

Det var to angrepsvillege lag vi såg på bana då kampen vart blåst igang, der begge lag var frampå utan å kome til dei heilt store sjansane i starten av kampen. For Eikefjord sin keeper vart det ein kort finaleaffere, då han måtte ut med skade allerede etter 20 minuttar.

Utover i fyrste omgang tok Eikefjord meir og meir over banespelet, og det var forent då Eikefjordspelar Tom R. Ørnehaug sette ballen i nota bak Gaular sin sisteskanse, Kent Even Hellebust. Eikefjord forsette det gode spelet, og hadde no bra kontroll på kampen. Dei offansive forsøka til Gaular, vart kontant stoppa av Eikefjordforsvaret . Før omgangen var omme, scora Eikefjord nok ein gong. Denne gongen var det Jan K. Gabrielsen som vart kreditert scoringa, og Eikefjord kunne dermed gå til pause med ein 2-0 leiing.

I andre omgang var det tydeleg at Gaular ikkje hadde gitt opp håpet om å ta KM-pokalen heim. Dei kjempa og sprang, men kom til kort også i denne omgangen. Eikefjord fortsatte som i fyrste omgang, med godt spel framover og verka trygge i forsvar. Og håpet om ein KM-tittel til Gaular forsvant vel så smått då Eikefjord gjekk opp til 3-1 25 minuttar ut i andre omgang. På ny var det Tom R. Ørnehaug som var frampå og scora sitt andre mål for dagen. På tampen fekk Gaular si redusering ved Per Konrad Venaas, og Eikefjord kunne heva pokalen som bevis på at dei er blitt kretsmester i årets 5.divisjon. Revansje for dagens tap kan ikkje Gaular få i år. Men i neste sesong møtest laga igjen i 4.divisjon, og då kan hende.......

Dagens dommar var Yngve Håkonsen, Fjøra FK.

Sogn og Fjordane Fotballkrets sin representant, Olav Strømsøy, overrakte KM-pokalen etter kampen.

Vi gratulerer Eikefjord med KM-tittelen !
Vi ynskjer også begge lag lukke til med neste års sesong i 4.divisjon.

Bilder frå kampen ( Slideshow )

 

09.10.09 Sju Tambarspelarar har muligheit til å bli plukka ut til Bylagsserien


Bilde: Andrè Sølvberg ( t.v.) er ein av Tambarspelarane som kan bli plukka ut til Bylagsserien.

Det førebelse uttaket til årets Bylagsserie er no klart. Dette er i hovudsak for spelarar fødd 1994/1995. Tambar stiller med tre gutar og fire jenter til fyrste samling som er onsdag 14. oktober (gutar) og torsdag 15. oktober (jenter). På denne fyrste samlinga vert det endleg uttak for spelarane som vert med vidare i Bylagsserien.

Tambarspelarane som skal være med å kjempe om plassane er Jacob Storevik ( 96), Henrik Hundershagen (95), Andrè Sølvberg (95), Trine Einevoll (95), Kristina Nymann (95), Catrine Nøstdal (94) og Terese Helle (94).

Alle samlingane, inkludert uttakssamlinga, vil føregå på Naustdal stadion.

Heile uttaket, gutar og jenter, finn du her.
Oversikt samlingar

 

05.10.09 Ni lokale finalistar i NM i fotballweb

Nettsida fotballen.eu har også i år plukka ut dei, etter deira kriteriar, 100 beste fotballweb-sidene i landet. Her finn vi fotballsider frå Tippeligaklubbar til 7.divisjonslag rundt om det ganske land.

Frå Sogn og Fjordane er det heile ni klubbar/sider som har kome seg gjennom nålauge i år. Nokre har vore med på dette før, blandt anna Fjøra som har lege høgt oppe i denne kåringa dei siste åra. Fjøra er også med i år, og har fått fylje av desse klubbane/sidene til årets NM i fotballweb: AHIL, Eid, Førde, Florø, Sogndal, Stryn, Veitastrond og Årdal. Vi ynskjer alle lukke til i årets kåring.

Kven meiner DU er den beste sida av dei ni finalistane? (Link til finalistane) Og er det andre sider frå fylket som burde ha vore med i årets NM i fotballweb? SEI DI MEINING HER.

 

04.10.09 Damene avslutta sesongen med 7-1 seier


Bilde: Mona Ø.Standal scora eit mål i kveldens 7-1 kamp mot Hyen. Bildet er henta frå vårkampen mot Hyen.

Sesongens siste kamp for damelaget vart spelt på Naustdal stadion i dag, då Tambar møtte Hyen i ein utsett kamp i damenes 4.divisjon. Tambar vann greit med siffera 7-1, etter å ha leda 5-1 til pause.

Det var Tambar som styrte oppgjeret mot damene frå Hyen, der vi ikkje fekk sjå det heilt store spelet frå nokon av laga. Terese Helle var den som åpna scoringskontoen for damene i dagens kamp, og var frampå tre gonger i løpet av fyrste omgang. I tillegg var ho sist på ballen då den var innom ein Hyenspelar før den gjekk i mål. Tina Alisøy vart siste målscorar i omgangen for heimelaget då dei gjekk opp til ei 5-0 leiing. Laga gjekk til pause med 5-1 etter at gjestane fekk seg ei scoring på tampen av omgangen, etter nokre miforståelsar i Tambarforsvaret.

I andre omgang kontrollerte Tambar ute på bana, og det var ikkje mange gonger Hyen gjesta Tambarmålet. I andre enden sløsa Tambar framfor mål, og burde ha scora mange fleire enn dei to dei putta i andre omgang. Måla i denne omgangen var det Mona Standal og Camilla Leknes som stod for. Dermed enda siste kamp for sesongen med ein heilt fortent 7-1 siger til Tambardamene.

Meir om damene til Tambar
Kampreferat frå kampane

 

02.10.09 Smågutelaget toppar tabellen


Bilde: Daniel Grimset Kvalvågnes vart tomål-scorar i onsdagens kamp mot Dale.

Tambar sine smågutar har hatt ein flott haustsesong, og ligg no heilt i toppen av tabellen etter 3-0 seieren mot Dale på onsdag. Storscoraren på Tambar sitt lillegutelag, Daniel Grimset Kvalvågnes, scora to mål for smågutelaget i Dale. Det tredje målet var det ein Dalespelar som sette i nota.

Resultat og tabell finn du her.

 

02.10.09 Lillegutane gjennom sesongen utan tap


Bilde: Tambar sine lillegutar gjekk gjennom årets sesomg utan tap. Arkivfoto.

Tambar sine lillegutar, G12, avslutta årets sesong med bortekamp mot Førde 5 torsdag kveld. Med nok ein seier i den siste kampen, har lillegutane gjennomført årets sesong utan tap. Frå den siste kampen har trenar Vidar Kvalvågnes sendt oss denne rapporten:

" I kveld blei siste seriekamp for sesongen spelt på Halbrend, gutane hadde vært ubeseira så langt i sesongen, og klarte også idag å dra seieren i land! Førde hadde tydeleg mobilisert før denne kampen!, så gutane måtte virkeleg slite idag. Men når ein tenker på at båe Daniel, Martin og Ola spelte smågutekamp i Dale igår, med bravur, forstår ein at dei kan bli "litt"sletne av og til! Stllinga til pause var 3-1 til Tambar. Etter pause var vi enige om gå hardt ut, for å avgjere kampen, isteden var det førde som utligna til 3-3. S å klarte vi igjen å ta ledelsen, før F ørde igjen utligna! Nå klarte gutane å hente fram sine siste krefter, og avgjorde dermed kampen med 2 mål på slutten av omgangen, dermed seier 6-4 til Tambar!

Målskorere idag var Daniel Grimset Kvalvågnes 3, Martin Skilbrei 2 og Jørund Solheim 1

Dermed har laget fullført årets serie med 11 sigrar og en uavgjort, den kom borte mot Florø sitt akademi lag, så det er en utruleg sterk prestasjon dette laget har gjort i år! "

Sjå resultat frå alle kampane til Lillegutane

 

30.09.09 Jentelaget med 6-0 seier mot Førde


Bilde: Trine Einevoll scora to mål i kveldens kamp. Bak t.v. Oline Paulen som scora eit av måla. Heilt bak skimtar vi Silje-Olin Yksnøy.

Tambar sitt jentelag var det beste laget då dei i kveld vann heile 6-0 mot Førde på Naustdal stadion. Pauseresultatet var 3-0.

Det var ein kald og sur spelekveld på stadion i kveld, der snøgrensa kraup lenger ned fjellsida for kvart speleminutt. Men jentelaget prøvde så godt dei kunne å få varmen i oss som stod på sidelinja, og varta i periodar opp med bra spel mot Førdejentene. Og dei fordelte scoringane likt i begge omgangar, så vi hadde mange fine mål å gleda oss over gjennom heile kampen. Flott innsats frå samtlege spelarar !

Måla til Tambar vart i kveld scora av Martine Mallasvik(2), Trine Einevoll(2), Oline Paulen og Birgitte Nordnes.

Bilder frå kampen ( Slideshow )

 

30.09.09 Gutelaget slo Førde 13-1, Vegard scora heile 10 mål


Bilde: Vegard Savland ( t.h.) scora heile ti mål då gutelaget utklassa Førde i går. MMS-bilde: Bjørn Hundershagen.

Gutelaget vann heile 13-1 mot Førde 3 på bortebane i går kveld, der Vegard Savland vart kveldens spelar med utrulege ti mål i kampen. Vegard har scora jamt og trutt heile sesongen, både på gutelaget og A-laget. Sist søndag laga han hattrick i seniorkampen mot Førde 3, og leika seg altso framfor mål i gårdagens gutekamp mot Førde 3. Trenar Leif Kvamsdal har fyljande kommentar til gutelaget sin kalassiger mot Førde 3:

" Gutelaget utklassa Førde 3 med å vinne 13 - 1 på kunstgraset i Førde. Resultatet ved pause var 5-0 og alle måla var det Vegard Savland som sette inn. Han scora også fem fål i andre omgang slik at han laga totalt 10 mål. Imponerande!

Dei andre måla vart laga av Leif Henning Vonen, Steffen Grytten og Andreas Vatne. Sjølv om det var ein overlegen seier så var ikkje spelet like godt som resultatet tydar på, men god innsats og innstilling skal gutane ha.

Sjølvsagt ein ekstra pluss til Vegard for både talet på mål og at nokre av dei var reine perlene, mellom anna ein flott brasse.

Neste kamp for gutane er 15. oktober i Hyllestad. "

 

28.09.09 Hattrick av Vegard Savland var ikkje nok


Bilde: Vegard scora tre mål i nedrykksfinalen mot Førde 3.

Tambar sitt 5.divisjonslag tapte den siste kampen i årets sesong i 5.divisjon. Kampen mot Førde 3 var heilt avgjerande om eit være eller ikkje være i divisjonen.

Og det så svært så lyst ut då Vegard Savland allerede etter 3 minuttar sende Tambar i leiinga. Etter ei scoring til Førde 3 midtvegs ut i omgangen, gjekk laga til pause med 1-1.

Etter to nye fulltreffarar frå Vegard i andre omgang, den eine på straffe, såg det ut til å gå vegen for ein tre poengar til Tambar, då laget leda 3-1 med ein knapp halvtime att av kampen. Men så mange gonger før i denne sesongen har laget problem med å halde kampen ut. Og så tilfelle også i denne kampen. Førde 3 reduserer til 2-3 i det 70.minutt, og derifrå og inn nettar Førdelaget heile tre gonger til og vinn skjebnekampen 5-3 !

Dermed blir det tilbake til 6.divisjon for Tambar, medan Førde 3 er avhengig av at vinnaren av Firdaligaen klarar å kvalifisere seg til 2.divisjon, for at dei skal behalde plassen sin i 5.divisjon.

 

 

27.09.09 Bend It Cup ein suksess, trass dårleg vær


Bilde: Innsats og spelegleda var på topp også i dagens Bend It Cup.


Bilde: Tidlegare Lynspelar og landslagstrenar Andreas Morrisbakk (t.h) var tilstades under Bend It Cup. T.v. speaker-assistent Cerina H.Cirotzki og i midten Tambar Fotball sin leiar, Bjørn Hundershagen.

Sjølv om arrangørane hadde håpa på eit noko bedre vær, vart årets Bend It Cup ein flott turnering. Med rekordmange lag påmeldt, vart det mange flotte kampar og gode prestasjonar av dei unge og lovande jentene og gutane.

Tilstades under turneringa var Norges Fotball Forbund representert ved den tidlegare Lynspelaren og landslagstrenaren Andreas Morrisbakk. Han hadde ein kort appell, og gav mange godord tilbake til arrangøren, Tambar Fotball.

 

Bilder frå helgas Bend It Cup kjem snart..........

 

26.09.09 Våt start på Bend It Cup i dag


Bilde: Paraply-vær !


Bilde: Desse gutane bryr seg lite om dritværet !

Det vart ein heller våt start på helgas Bend It Cup på Naustdal stadion i dag. Men det såg ikkje ut til at været la ein dempar på spelegleden til dei mange unge spelarane som deltok, der det vart spelt kampar frå kl. 10.00 til kl. 16.00 i ettermiddag.

I morgon er det dei eldste jentene og gutane som skal i elden. Morgondagen startar også kl. 10.00 og vil holde på til ca 16.30. Så kan vi berre håpe på at det blir litt bedring i været for desse spelarane.

Fleire bilder frå helgas turnering finn du her på sida i løpet av helga.

 

25.09.09 Tambar kuttar ut brus, - " Ein føregangsklubb ", seier SFFK


Tambarskjelvar IL har vedteke at brus er ut ! Dette innber at ved alle arrangement som Tambar er ansvarleg for, skal det seljast vatn og andre sukkerfrie drikker istadenfor brus. Sogn og Fjordane Fotballkrets betegner Tambar sitt tiltak i denne saka som ein føregangsklubb, og oppfordrar andre klubbar å gjere det same.

Sjå kva SFFK skriv om bruskuttet

 

25.09.09 Gutelaget med fyrste poengtap, spelte 3-3 mot AHIL


Bilde: Tambar sitt gutelag anno 2009. MMS-foto: Bjørn Hundershagen.

Tambar sitt gutelag fekk sitt fyrste poengtap for hausten, då dei i går spelte uavgjort 3-3 mot Askvoll/Holmedal på bortebane. Trenar Leif Kvamsdal skriv fyljande om kampen:

" På ei våt og heller dårleg grasbane i Askvoll spelte gutelaget 3-3, etter at Askvoll leda 2-1 til pause. Måla til Tambar vart laga av Vegard Savland, Henrik Hundershagen og Kristoffer Hammarset. Det var god innsats av heile laget mot eit fysisk sterkt Askvollag, men ei ekstra stjerne til Jakob som var trygg og god i mål. Neste kamp er tysdag 17.30 mot Førde 3 i førde. Til slutt gratulera til Askvoll med ny kunstgrasbane. Desverre blei den ikkje klar til vår kamp, men det var ikkje mange timane som mangla på det. "

 

24.09.09 Storseier til lillejentene, slo Førde 9-2


Bilde: Thea Marie i fint driv. Bildet er teke tidlegare i år.

Tambar sine lillejenter vann 9-2 mot Førde 4 sist veke, og her kjem rapporten frå trenar Espen Eithun Langedal ( bedre seint enn aldri ! ):

" Tambarjentene tar leiinga etter knappe to minutt. Førde utliknar fem minutt seinare. Dei gulkledde styrer resten av omgongen, noko som resulterer i ei tremålsleiing, 4-1, til pause.

Det var ein noko treig start på andre omgang, men etter 10-12 minutt skyt ei førdejente nærmast frå midtbana, det er glatt - ballen skyt fart i det den treff bakken, og fyk inn i nota. 4-2. No vakna Tambar for alvor.

I løpet av det siste kvarteret vartar dei gulkledde opp med lynraske kontringar og godt spel. Ikkje mindre enn fem ballar må førdekeeperen hente ut av målet sitt. Eit snitt på scoring kvart tredje minutt. Tilskodarane som såg kampen fekk valuta for lappane eller kaffien som dei kjøpte i bua. Kampen endar 9-2, eit resultat som var fullt fortent.

Dette var ei flott oppleving. Mange føresette og syskjen som kjem og heiar på gulljentene sine. Det er kjekt å sjå. Engasjement er viktig!

Målscorar: Elly 4, Johanne 2, Kristiane 3.
Desse var med: Thea Sofie, Thea Marie, Vilde, Sara, Annika, Hanna, Kristiane, Johanne og Elly

God dommar var Henrik Hundershagen. "

 

22.09.09 Torgeir kjende att Sigurd Rushfeldt


Bilde: Torgeir Herstad var kjappast i omgangens Tambar Kviss. Bildet er frå ein fotballkamp ( ikkje boksekamp, sjølv om det kan sjå slik ut ! ) mellom Tambar og AHIL i 2008. For ordens skuld: Torgeir ser vi til høgre på bildet.

I denne runden av Tambar Kvissen la vi ut bilder, ialt 4, der ein kjappast skulle finne ut kven personen vi hadde "maskert" var. Mange ulike svar vart sendt inn, og etterkvart også mange rette ettersom bilda vart lagt ut. Den kjappaste med rett svar vart Torgeir Herstad. Han klarte å kome med rett svar omlag to timar etter at bilde 2 vart lagt ut, og han stikk med det avgarde med 3 Flaxlodd.
Sjå bildene vi la ut, kven som var nærmast vinnaren og andre forslag på personen.

 

21.09.09 Tambar tapte bortekampen mot Bjørn


Bilde: Det vart nytt tap for seniorlaget i går kveld. På bildet ser vi Roger Edvardsen frå ein tidlegare kamp.

Tambar sitt 5.divisjonslag gjekk på eit nytt tap, då dei i går var i Sogn og spela mot Bjørn. Heimelaget vann kampen 3-0, etter at det sto 1-0 til pause.

Dermed ligg Tambar fortsatt på jumboplass i divisjonen, eit poeng bak Førde 3. Dermed må laget vinne siste kamp om dei skal ha forhåpningar om spel i denne divisjonen også til neste år. Vinn dei den siste kampen, som er borte mot Førde 3 , har dei ein muligheit 5.divisjonsspel til neste sesong. Det heile kjem an på om laget i Firdaligaen klarar å kvalifisere seg til 2.divisjon.

Noko meir om kampen mot Bjørn, finn du på heimesida til 5.divisjonslaget.

 

19.09.09 Miniputt turneringa i Eikefjord


Bilde: Desse Tambar gutane utgjorde eit av laga som Tambar stilte med under miniputt turneringa i Eikefjord sist søndag, søndag 13.september. Er det fleire som har bilder, send dei gjerne inn til meg. Dei vil då bli lagt i felles fotoalbum her på sida. Foto: Johnny Gustavsen.

 

17.09.09 Årsbeste av lillejentene, slo Jølster 11-0


Bilde: Iris dominerte på bana då lillejentene vann kveldens kamp mot Jølster. Iris scora heile sju mål og hadde i tillegg fleire målgivande pasningar. På bilde ser vi ho i ein kamp mot Florø tidlegare i år.

Det vart målkalas for lillejentene då dei i kveld spelte bortekamp mot Jølster. Ifylje trenar, Jan Magne Langedal, var dette årsbeste av jentene. Slik oppsumerar han kampen:

" Mot Jølster på Vassenden varta Tambar-jentene opp med fin fotball. Ikkje resultatmessig, men spelemessig var dette årsbeste.
I kveld trilla jentene ball i hatt med frustrerte jølstringar. Sjølv med ein spelar meir på bana etter 5-0 til Tambar, makta ikkje jølstringane å score.
Slutteresultatet vart 11-0 etter mange fine angrep.
 
Iris var banas beste etter at ho laga sju mål og gav fleire målgivande pasningar.

 Dei andre måla kom ved Camilla 3 og Marie 1.
 
Desse var med: Stine, Iris, Vilde, Laila, Stephanie, Camilla, Marie, Sunniva, Martine og Hilde. "

Lagbilde lillejenter 12

 

16.09.09 Gutelaget utklassa Gaular, vann 8-2


Bilde: Vegard Savland scora heile seks mål då gutelaget vann 8-2 mot Gaular i kved. På bildet ser vi Vegard og ein Gaularspelar i kamp om ballen frå kveldens kamp.

Gutelaget møtte i kveld Gaular på Naustdal stadion, der begge laga stod med seks poeng før kveldens kamp. Trenar for gutelaget, Leif Kvamsdal, kjem med denne rapporten etter kampen:

" God innsats resulterte i ein klar 8-2 seier over Gaular. Stillinga ved pause var 4-1. Litt ekstra skryt til Vegard Savland som laga heile seks mål. Dei to andre måla vart laga av Andreas Vatne og Henrik Aase. Det blir spennande å sjå om gutane klarer å halde fram med dei gode taktane i haustens første bortekamp mot Askvoll torsdag 24.09. Neste trening er måndag klokka 18.30. "

Tabell
Bilder frå kampen - Slideshow / musikk

 

16.09.09 Heile 86 lag påmeldt til Bend It Cup i Naustdal

Tambar Fotball har fått påmeldingar frå heile 86 lag til årets Bend It Cup som vert arrangert på Naustdal stadion 26.-27.september. Dette er ei dobling av deltakande lag i forhold til fjorårets turnering i Naustdal. Det betyr at nærmare 700 fotballspelarar vil springe etter lærkula på stadion desse to dagane, og Bend It Cup i Naustdal er dermed ein av dei største fotballturneringane i Sogn og Fjordane !

Leiar for Fotballgruppa i Tambarskjelvar, Bjørn Hundershagen, er gledleg overraska over den store påmeldinga til årets Bend It Cup. - " Vi visste at denne turneringa var populær og vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå dei tidlegare arrangementa vi har arrangert. Men at vi skulle få dobbelt så mange påmeldingar i årets turnering samanligna med i fjor, var nokså overraskande," seier Hundershagen.
Han mener at avviklinga av turneringa skal gå greit, sjølv med den markante auken av lag. - " Vi har mange flinke dugnadsfolk i klubben, og med nokre små justeringar av dei opprinnelege planane, skal dette gå greit. Så får vi berre håpe at været er på vår side i år også," avsluttar leiaren.

I årets Bend It Cup finn vi fotballglade jenter og gutar i klassane 2002 - 1997, der årsklassane 2002,2001 og 2000 spelar på laurdag og årsklassane 1999, 1998 og 1997 spelar på søndag. Deltakarlaga kjem frå Florø, Tempo, Eikefjord, Førde, Jølster, Gaular, Hyllestad, Kvammen og Tambarskjelvar.

Alle kampane vert spelt på kunstgraset på Naustdal stadion. Her vil det bli delt inn i fem små baner, og det vil garantert bli tett mellom kampane. Kampoppsettet vil bli klart omlag 5-6 dagar før turneringsstart, som du sjølvsagt vil finne på denne sida.

*Oversikt over påmeldte lag
*Bilder frå Bend It Cup 2008

 

14.09.09 Smågutane vann toppoppgjeret mot Førde 3

Bilde: Henrik Hundershagen og Jørgen Helgheim scora kvar sitt mål i kveldens kamp mot Førde 3.

Smågutelaget til Tambar påførte Førde 3 sitt fyrste tap for haustsesongen, og klatrar med det til toppen av tabellen i 2.divisjon. Tambargutane vann dermed sin fjerde kamp på rad og står no med 12 poeng og 13-5 i målskilnad.

I kveldens kamp leda Tambar 1-0 til pause, etter scoring ved Jørgen Helgheim. Henrik Hundershagen scora sikkert då laget gjekk opp til 2-0 på straffe i andre omgang. Ei redusering til Førdelaget på tampen av andre omgang, gav dermed ein fortent 2-1 seier til heimelaget. Joar Vefring var kveldens dommar og var som vanleg stødig og god.

Tabell

 

11.09.09 Lillejentene vann over Førde 2

Bilde: Tambar sine lillejenter vann borte mot Førde 2. Arkivfoto.

Tambar sine lillejenter, LJ 12, spelte i går bortekamp mot Førde 2, og trenar Jan Magne Langedal har fyljande rapport frå kampen:

" LJ Førde 2 - Tambar 1 1 - 2
 
Torsdag var Tambarjente på Slåtten og møtte Førde 3. Det blei nok ein seier for gultrøyene frå Naustdal som for anledningen spelte i nye drakter.
Etter godt spel i første omgang tok Tambar leiinga. Men Førde utlikna før kvilen. Som så mange gongar før avgjorde Tambar kampen med ei fin scoring i andre omgang.
 
Målscorarar: Marie og Camilla.
 
Torsdag går turen til Jølster. Då ønskjer jentene å pynte på målforskjellen. "

 

10.09.09 Lillegutane vann 16-1

Bilde: Tambar sine lillegutar vann kveldens kamp med mange mål.

Tambar sine lillegutar, LG 12, fortset å banke inn ballar i motstandaren sitt mål. I kveld spelte dei borte mot Førde 3, og trenar Vidar Kvalvågnes har fyljande rapport frå kampen:

" Lillegutane spelte ikveld på Halbrend, kor vi møtte F ørde 3. Gutane fortsette sitt gode spel, fra dei tidlegare kampane, og leda heile 10-0 til pause! I andre omgang slappa dei litt meir av, men skåra alikevel 6 mål, ein liten glipp i forsvaret, gjorde til at Førde fikk seg et trøstemål! Sluttresultatet vart 16-1 til dei gode Tambargutane! Idag vil eg framheve heile laget, som fortset sitt gode spel, sjølv om dei ledar klart og jobbar utrettleg heile kampen!

Målskorere idag var Martin Skilbrei 6, Daniel Grimset Kvalvågnes 5, Marius Grønestøl 3, Ola Rognebakke 1 og Jørund Solheim 1."

 

08.09.09 Svelgen med ny kunstgrasbane - må avlyse miniputt turneringa

Bilde: Svelgen har fått si etterlengta kunstgrasbane, som blir offisiellt åpna i desse dagar. Foto: Bjarne Ripe.

Vi gratulerer Svelgen med ny kunstgrasbane !

I tillegg til kunstgrasbane med undervarme og nytt lysanlegg er det og bygd friidrettsbane med kunstdekke.

Arbeidet med å legge det nye kunstgraset i Svelgen tok noko lenger tid enn ein hadde rekna med, på grunn av dårleg vær. No er bana klar og offisiell åpning av bana vert fredag 11.september.
På grunn av foreinkingane av banelegginga, vart også miniputt turneringa som skulle arrangerast i Svelgen tidlegare i år, utsett.
Og det går ikkje heilt vegen for denne miniputt turneringa. For få dagar sidan måtte Haukåtunellen stengast for tre vekar. Dermed har Svelgen TIF valgt å avlyse turneringa for i år.

 

07.09.09 Smågutelaget slo Jølster 3-1

Bilde: Andrè Sølvberg og smågutelaget til Tambar vann i kveld bortekampen mot Jølster. Bildet er henta frå kampen smågutelaget hadde mot Førde tidlegare i haust.

Smågutelaget til Tambar vann i kveld bortekampen mot Jølster 3-1, etter å ha leia 1-0 til pause.

Dermed har laget vunne sine tre haustkampar og ligg på andre plass på tabellen, med lik poengsum men litt dårligare målskilnad enn ledarlaget Førde 3. Sjå tabell. Neste kamp for smågutane går nettopp mot Førde 3, som blir spelt på Naustdal stadion neste mandag.

Tambar sine mål i kveldens kamp vart scora av Andrè Sølvberg, Henrik Hundershagen og Daniel Grimset Kvalvågnes.

 

06.09.09 Tap for begge seniorlaga

Bilde: Kristin Alise Birkeland scora to mål for damelaget i fredagens kamp mot Hornindal.

Damer 4.div: Tambar-Hornindal 4-8
Tambar sitt damelag tapte 8-4 i kampen mot Hornindal på fredag. Stillinga ved pause var 3-0, i kampen som vart spelt på Naustdal stadion.

Sjølv om gjestane gjekk til pause med ei 3-0 leiing, var Tambar vel på høgde med laget frå Honndalen i denne omgangen. At ikkje heimelaget klarer å score på dei mange sjansane dei har i denne omgangen, er berre eit under. I ein periode rulla Tambar opp det eine angrepet etter det andre, og med meir tur og dyktigheit, hadde laget scora nok mål til å gå til pause med leiing. Men istadenfor vart det tre baklengs til pause.

Andreomgangen viste at Tambar også klarer å putte,og det var fullt fortent då Kristin Alise Birkeland banka inn reduseringa, og 1-4 etter 55 minuttar. Tambar var aggresive og tøffe i duellane, og gav ikkje gjestane ro til å spele spelet sitt. Etter nok eit flott angrep, var Kristin Alise frampå igjen i det 65 minutt, og reduserte til 2-5. Dette gav ny giv for dei etterkvart slitne Tambarspelarane, og då Camilla Leknes var frampå og putta to kjappe, i det 72 og 75 minutt, var laget heilt opp i gjestane igjen på stillingen 4-6.

Men det ville seg ikkje for damene i denne kampen, og gjestane var frampå ved to anledningar heilt på tampen og fastsette resultatet til 4-8.
Sjølv om det vart store siffer imot i denne kampen, står det ikkje heilt i stil med innsatsen til Tambar i dag. Hornindal får mange lette mål i kampen, og med litt meir dyktigheit for Tambar framfor målet til motstandaren, kunne fort resultatet vorte annaleis.

 

Herrar 5div: Tambar-Balestrand 1-4
Tambar sitt herrelag tapte i dag 1-4 mot Balestrand på Naustdal stadion. Ved pause var stillingen 0-4.

Det vart nok eit tap for Tambar då dei i dag spelte mot Balestrand på stadion. Med 4-1 til gjestane frå Sogn, blir det ein tøff haust for Tambar om dei skal klare å behalde plassen sin i divisjonen.

For meir utfyllande referat i frå kampen, finn ein det på seniorlaget si eiga heimeside.


 

03.09.09 Stor aktivitet på stadion i dag

Bilde: Det vart spelt heile fem kampar på Naustdal stadion i dag. På bildet ser vi Tambar sine lillejenter, J12, i aksjon mot Florø 1.

Med heile fem kampar på Naustdal stadion i dag, var det eit yrande liv med fotballspelarar og foreldre og der været endeleg viste seg frå den gode sida i kveld.
Fyljande resultat har vi frå kveldens kampar ( fyldigare referat frå kampane kjem etterkvart når trenarane har avgitt sin kamprapport) :

G11 avd4: Tambar-Florø 3, Resultat: 2-6
LG avd5: Tambar-Jølster, Resultat: 0-5

J11/12: Tambar- Førde 6, Resultat: 1-3
Trenar Espen Eithun Langedal skriv fyljande frå kveldens kamp:

" Det blei med eit tomålstap mot Førde 6 for dei yngste lillejentene til Tambarskjelvar. I og for seg så var dette eit greitt resultat. Kanskje var ein av grunnane til tapet at vi mangla Tapre Toralf (maskoten til jentene)? Det vart taktikkbom i dag, noko som trenaren tar på si eiga kappe. Det er lett å vere etterpåklok. Førdekeeperen vart ikkje sett på dei store prøvene i dag, mykje grunna Berlinmuren til Førde.

Vi har to skot som er borti treverket, blant anna ein susar frå Johanne like før pause. I den andre enden vartar Thea Sofie opp med eit par klasseredningar på bestilling. Ho holdt oss lenge inne i kampen, men det berre ville seg ikkje heilt for jentene i dag. Hanna og Malin, begge fødd i -99, legg ned ein god innsats og bidrar i det offensive spelet vårt.

Vi spela heile kampen i ein 2-3-1-formasjon, noko som ikkje fungerte så godt i dag. Midtbana vår jobba som nokon heltar, men vart springande ein del i mellom Førde som mønstra ein kjedeleg 3-3-formasjon med tre særs defensive forsvarsspelarar som det skulle vise seg (nesten) umogeleg å trenge igjennom! Men i store delar av kampen er vi på full høgde med byjentene sjølv om dei store sjansane vert utelett. Etter om lag 20 minutt prikkar Førde inn 0 – 1, eit resultat som står seg til pause.

Førde scorar både éin og to gonger i løpet av andre omgang før vi set inn racergiret på tampen av kampen. Dei siste ti minutta er det einvegskøyring. No handlar alt om dei gulkledde naustedølane. Elly reduserer til 1 – 3 med berre minuttar igjen å spele. Innsatsen og vilja i laget er det lite å sei på. Jentene spring til ein ser at dei har det dirkete ilt og signaliserar at dei ønskjer ein liten pause. Dette er ein trenars draum.

Det kriblar endå hos Bjørn Henning, det er bra! Steve, trenar for 99-jentene er også sterkt delaktig frå sidelinja. Det er veldig jekt å sjå (og høyre) så mange engasjerte foreldre på sidelinja. Dette er utvilsomt sunt for jentene. 

Desse var med: Thea Sofie, Vilde, Sara, Elly, Kristiane, Hanna, Thea Marie, Malin og Johanne.

Det blir skottrening i vekene framover, jenter. Men først ventar Førde Cup komande laurdag der vi blant anna skal gjere det vi kan for å revansjere dette tapet. Då må vi stogge ”ho med dei raude sokkane”. Eg gler meg! "

J12: Tambar-Florø 1, Resultat: 5-1
Trenar Jan Magne Langedal kjem med denne rapporten etter kampen:

Tambarjentene er framleis ubeseira i årets serie. I kveld måtte Florø returnere med 5-1 tap. Ved pause stod det 1 – 0 til heimelaget etter ei heldig scoring(sjølvmål).

I andre omgang var Tambar meir effektive og laga ytterlegare fire mål. Tambar har spelarar som kan avgjere jamne kampar. I dag var innsatsen hos tambarjentene mykje betre enn i forrige kamp mot Førde. Målscorarar i kveld: eitt sjølvmål, Iris 3, Camilla 1.
På lørdag er det nye kampar. Då ventar Førde Cup.


G15/16: Tambar-Hyllestad, Resultat: 11-1
Trenar Leif Kvamsdal skriv fyljande om kampen:
" 11-1 til Tambargutane. Mot eit Hyllestadlag som hadde mista fleire spelarar sidan i vår vart det ein klår seier til gutane frå Tambar. 11- 1 var resultatet då den gode dommaren, Espen Langedal, sa at no var det slutt. Sjølv om Tambar var det beste laget så var kanskje seieren i største laget. Måla vart laga av Vegard Savland (6), Steffen Grytten(3), Henrik Aase (1) og Joakim Engebø (1). Flott innsats av heile laget, men likevel litt ekstra skryt til smågutespelarane (Joakim, Nikolai, Nicolai og Anders) som gjorde ein flott innsats på gutelaget. "

På grunn av mange bilder frå dagens kampar, er bildene delt opp i to bolkar:
Slideshow Del 1
Slideshow Del 2

 

02.09.09 Storseier til lillegutane mot Florø

Bilde: Ola Rognebakke spelte ein god kamp i forsvaret til lillegutane, då dei vann mot Florø i kveld.

I ein framskynda kamp i klasse lillegutar, LG12, ( skulle egentleg ha vore spela i morgon ) var Tambar sine lillegutar på ny overbevisande. I kveldens kamp på Naustdal stadion var det Florø sine lillegutar som fekk unngjelde. Frå Tambar sin trenar, Vidar Kvalvågnes, har vi fått denne rapporten frå kveldens kamp:

" I dag fekk gutane verkeleg vist kva som bur i dei !, då dei møtte akademi laget til Florø i 97 klassen. Tambar åpna best, men det var Florø som scora først. Gutane lot seg ikkje påverke av dette, men fortsatte sitt eget spill, og det lønte seg. Heile 7 ballar måtte Florøkeeperen plukke ut av sitt eget nett, etter mange fine angrep i første omgang!

I andre omgang spelte Florø med en ekstra spelar, sia dei låg under med 5 mål, så da jamna kampen seg ut, men med heroisk jobbing av alle spelerane, makta dei å holde Florø til 2-2 i denne omgangen, sluttresultatet blei da 9-3 til Tambar.

Alle spelerane gjorde en kjempejobb, men eg vil framheve Ola, som hadde ein tøff jobb da Florø hadde 2 mann i angrep heile 2 omg. Ellers fortsetter Daniel å vise sine goalgetter ferdigheter:)  

Vi hadde idag med oss 2 stk 99 mod, og både Elias og Marius gjorde en kjempejobb! Målskorere for Tambar idag var Daniel Grimset Kvalvågnes 7,Martin Skilbrei 1 og Marius Storevik 1. "

Bilder( slideshow med musikk ) frå kampen


 

31.08.09 Smågutane med full kontroll mot Dale

Bilde: Henrik Hundershagen scora to mål då smågutelaget vann mot Dale i kveld.

Smågutelaget til Tambar vann 4-0 i kveldens kamp mot Dale på Naustdal stadion. Til pause var stillinga 1-0.

Rapportane vi har fått frå kveldens kam seier at det ikkje var noko stor kamp på stadion, noko det ufyselege været må ta noko av skulda for. Men Tambar var det beste laget og kontrollerte kampen og vann med overbevisande 4-0.

Andrè Sølvberg var fyrstemann ut på scoringslista i kveld, og den einaste som scora i fyrste omgang. Etter kvilen var Henrik Hundershagen frampå med to scoringar, den eine ein retur frå eit straffspark som Anders Aase skaut og Dalekeeper gav retur på. Det fjerde målet var eit sjølvmål av Dale.

Tabell

 

31.08.09 Surt tap igjen, seieren rauk på overtid

Bilde: Tambar sitt 5.divisjonslag måtte nok ein gong gå av bana etter eit surt (og unødvendig?) nederlag. På bildet Roger Edvardsen og keeper Olav Hundershagen. Arkivfoto.

Tambar sitt 5.divisjonslag fekk ein pangstart, då dei i kveld møtte tabell-leiar Gaular på bortebane. Med 2-0 til Tambarkarane etter berre tre (3!) minuttar spel, etter scoringar av Narve Kirkebø og Vegar Savland, såg det ut til å bli ein fin-fin kveld for gjestane. Tambar hadde bra kontroll på serieleiarane i fyrste omgang, og sjølv om vertane klarer å putte eit mål etter halvtimen, går laga til pause med ein 2-1 leiing til Tambar.

I andre omgang utlignar Gaular til 2-2 tidleg i omgangen, før Ole M. Helgås er frampå med scoring og 3-2 leiing til Tambar. Gaular pressar no på, og reduserer igjen, før dei like før slutt går opp i leiinga med 4-3. Tambar og Ole M. Helås er nok ein gong frampå og puttar, og med klokka som har passert kamptida, trur dei fleste at kampen skal ende med poengdeling. Men Gaular ville det annaleis, og like før dommaren bles av kampen fekk vertane den avgjerane scoringa og kunne juble over ein 5-4 seier som sat langt inne.

Info om kampen er henta frå seniorane si heimeside

 

31.08.09 Maria vann Tambar Kvissen

Det var mange som bomma på ballen i Tambar Kvissen denne gongen. Av 31 som sendte inn svar, var det berre seks som klarte å finne den rette ballen. Dermed måtte det loddtrekning til for å kåre ein vinnar. Vinnar vart jentespelaren Maria Slettehaug, som dermed vinn drikkeflaske og eit par gule sportssokkar.

 

30.08.09 Gull til gutane og sølv til jentene i Florø

Bilde: Gullgutane til Tambar G96. Johannes Birkeland,Ola Rognebakke,Martin Skilbrei,Gard Malones,Ørjan Aase,Daniel Kvalvågnes,Erlend Malones,Martin Bygstad og Sondre Bruland. Ikkje på bildet: Henning Malones,lagleiar. Foto: Firdaposten.no.

Tambar gjorde ein flott innsats i helgas Sunnfjord Cup i Florø. Med finaleseier og gull til gutane, og sølv til jentene vart dette ei flott sportsleg helg for Tambarspelarane.

Gutane, G96, vann finalen med knappast mulig margin, 4-3, over Florø sitt akademilag. Dermed fekk Tambar revansje for tapet dei hadde mot dette laget i innleiande spel.

Finale: Tambar-Florø akademiet 4-3 (1-2)

  • 1-0 Daniel Kvalvågnes
  • 2-2 Erlend Malones
  • 3-3 Martin Skilbrei
  • 4-3 Martin Skilbrei

Jentene, J96/95, var godt nøgde med sølvplassen dei fekk i turneringa, sjølv om det vart 5-0 tap mot Godøy i finalen. I tillegg fekk Tambarjenta Iris Aase pokal i lasarmåling av skuddfoten, der ho kom opp i ein fart på heile 85 Km/t på skotet sitt.

Vi gratulerer begge laga med flott innsats !

 

Bilde: Sølvjentene til Tambar J96/95. Eline Lillehaug,Solveig Jensen,Kristina Nyman,Silje-Olin Yksnøy,Birgitte Ask,Iris Aase,Caroline Salbu og Trine Einevoll. Ikkje på bildet: Kai Apalseth,lagleiar. Foto: Firdaposten.no.

 

28.08.09 Jentelaget med ufortent tap mot Hyllestad

Bilde: Jentelaget spelte ein bra kamp mot Hyllestad i kveld, og hadde fortent seieren. På bilde ser vi Silje-Olin Yksnøy i kampen mot Eikefjord tidlegare i år.

Tambar sitt jentelag tapte i kveld 2-3 mot Hyllestad på Naustdal stadion. Til pause var stillinga 2-2.

Det var gjestane frå Hyllestad som kom best igong i den framskynda kampen på stadion. Med scoringar på to hjørnespark, leda dei 2-0 etter berre halvspelt omgang. Tabar hadde også sine sjansar i denne perioden, men klarte ikkje å omsette dei i scoringar.

Etterkvart tok Tambar meir og meir over, dei vann duellar og i eit av angrepa handsa ein Hyllestadforsvarar og det vart heilt korrekt dømt straffe av kampens gode dommar, Joar Vefring. Catrine Nøstdal var sikker på straffemerket og dermed redusering til 1-2. Tambar forsette presset, og ved eit av dei mange angrepa spelte dei flott "klikk klakk-spel" før Kristina Nyman sette ballen i nota. Det kunne fort ha vorte fleire mål til heimelaget i denne perioden, men laga gjekk altso til pause med 2-2.

I andre omgang forsatte Tambar som i fyrste, der dei vann duellar og skapte mange sjansar. Tambar fekk straffe då Kristina vart felt på veg igjennom innafor sekstenmeteren. Diverre vart det ikkje mål på denne, men jentene lot seg ikkje knekke av det. Det meste av omgangen vart spelt på Hyllestad sin banehalvdel, og det vart nesten måltjuveri då gjestane var frampå og scora sitt tredje mål på sin tredje corner. Sjølv om Tambar pressa på i denne omgangen, vart det ikkje meir enn den eine målet som gjestane scora. Dermed enda det med eit ufortent 2-3 tap for Tambar.

 

27.08.09 Ny storseier til lillegutane, slo Høyang 12-3

Bilde: Daniel Grimset Kvalvågnes scora heile sju mål i kveldens bortekamp mot Høyang.

Det vart storseier til Tambar sine lillegutar, LG12, då dei i kveld spelte bortekamp mot Høyang. Frå trenar Vidar Kvalvågnes har vi fått fyljande rapport frå kampen:

" Da vi i kveld ankom Høyanger, fekk vi beskjed om at dei hadde forsterka laget fra forige møte, så dei håpa å kunna gi oss kamp om seieren!

Men da kampen var satt igang, var det ingen tvil om kva lag som var best! Etter til tider glimrende angrepspill, stod det hele 9-1 til pause! I andre omgang virka det som spelerane var litt metta (slitne etter en forykende 1 omg.), så dei nøgde seg med 3 mål i denne omgangen! Sluttresultat vart 12-3 til Tambargutane.  Daniel, Martin og Ola var som vanlig veldig gode!

Målskorere var Daniel Grimset Kvalvågnes 7, Matin Skilbrei 2 , Ola Rognebakke 1, Marius Grønestøl 1,+et sjølmål "

 

27.08.09 LG11: Målrikt mellom Tambar og Florø 1

LJ12: Jentene fortsatt ubeseira

Bilde: Florø 1 var stadig på vitjing framfor målet til Tambar. Her ser vi ein god Tambarkeeper redde ein Floø-sjanse.

Tambar sine lillegutar 11 tapte i kveld 8-5 mot Florø 1 på Naustdal stadion. Men den målrike kampen var jamnare enn resultatet seier, og Tambar kunne fort ha gått av bana med seier om dei hadde hatt litt meir tur på sjansane sine.

Tambargutane gjorde ein flott jobb trass tapet, og spelte mykje fin og fartsfylt fotball. Måla vi fekk sjå var nærmast teke ut av "fotballens ABC-lærebok" !

Slideshow med musikk frå kampen Tambar-Florø 1

Bilde: Tambar spelte uavgjort mor Førde 1 i kveld.

Tambar sine lillejenter 12 er fortsatt ubeseira etter kveldens kamp mot Førde 1 på Naustdal stadion. Kampen enda 1-1, der begge scoringane kom tidleg i fyrste omgang.

 

26.08.08 Jentelaget tapte mot Førde

Bilde: Frå kampen mellom jentelaga til Tambar og Førde på Naustdal stadion i vår.

Det vart 1-5 tap for jentelaget då dei i kveld spela bortekamp mot Førdejentene. Dermed fekk heimelaget revansj for tapet sist laga møttest, då gjekk Tambar av bana med ein 6-3 siger. Sjå bilder frå vårkampen mellom Tambar og Førde.

Det blir meldt om at Tambar var uheldige både framover og bakover på bana, noko som tyder på at laget hadde sjansar nok. Dermed må Tambarjentene stille inn skuddfoten til fredag og tette igjen bak, då møter nemleg laget Hyllestad heime på Naustdal stadion.

 

23.08.09 Uavgjort for Tambar mot Kaupanger 2

Bilde: Vegard Savland scora Tambar sitt mål i dagens kamp mot Kaupanger 2.

Tambar sitt 5.divisjonslag spelte i dag uavgjort 1-1 mot Kaupanger 2 på Naustdal stadion. Stillingen ved pause var 0-1.

Tambar fekk ein dårleg start på kampen, då gjestane frå Sogn allerede etter få minuttar av kampen fekk tildelt straffe og 0-1. Tambar si scoring vart sett inn av Vegard Savland tidleg i andre omgang, og laget hadde spelet og nok sjansar til å avgjerde kampen i sin favør.

Meir om kampen kan du lese på sida til A-laget.

 

21.08.09 Resultat kampar spelt torsdag

Bilde: Tambar sitt gutelag starta haustsesongen med seier over AHIL. Her ser vi laget mot Florø i ein kamp i vår.

Gutar 15/16: Tambar-AHIL 3-1

Trenar Leif Kvamsdal har fyljande rapport frå kampen: "Det vart ein god start på haustsesongen for gutelaget som slo Askvoll 3-1. Kampen var dei første 30 minuttane prega av dårleg spel og mange feilpasningar. Mot slutten av omgangen byrja Tambar å ta over og det var ein kalddusj då Askvoll scora det første målet. Tambar utlikna like etter ved Andre Sølvberg, etter eit flott angrep med presise, og raske, pasningar. I 2. omgang dominerte Tambar fullstendig, men mål lot vente på seg. Dette skuldast både uflaks, udyktigheit og at nokre spelarar er litt for glade i ballen. Endeleg, etter mange flotte angrep, lukkast det Andre å lage sitt andre mål for kvelden, og like før slutt settte Vegard Savland inn tambar sitt tredje mål. Takk til gutane for ein god kamp, med god innsats og god innstilling. God dommar var Odd Kaare Nøstdal. Neste kamp for gutane er 3.september mot Hyllestad på Naustdal Stadion."

 

Lillegutar 11: Førde2-Tambar1 1-5, Tambar2-Førde4 9-4

Begge Tambar sine lag i klassen gutar 11 vann sine kampar mot Førdelag. Det blir meldt om god innsats frå spelarane på begge Tambarlaga.

 

Bilde: Tambar 1 starta haustsesongen med seier over Førde.

Lillejenter 12: Førde 3 - Tambar 1 4-6
 
Ref. frå trenar Jan Magne Langedal: "Tambarskjelvar byrja haustsesongen som dei avslutta vårsesongen. Førde 3 fekk bank, 6-4 på Halbrend. Eit godt Førde-lag leia både 1-0, 2-1, 3-2 og 4-3. Tambarjentene var heldige som gjekk til pause på stillinga 2-2. Dette Førde-laget må ha trena i sommar (noko Tambar ikkje har gjort), for det var ikkje til å kjenne att frå første møte.
 
Men Tambar-jentene fekk beskjed om å brette opp armane og vinne duellane i andre omgang. Og det var akkruat det dei gjorde. Med susande skot i stolpen og tidvis bra spel tok Tambar over spelet meir og meir. At vi scorar dei siste fire måla i kampen viser at vi hadde god kontroll på andre omgang.
 
Målscorar: Iris 3, Camilla 3."
 
Neste kamp er mot Førde 1 i Naustdal neste torsdag.

 

Bilde: Lillejenter 11 før kampen mot Svelgen.

Sjå bilder frå kampen. Foto: Solfrid Bygstad.

Lillejenter 11: Svelgen - Tambar 2 1-5

Ref frå trenar Espen Eithun Langedal: " Den første haustkampen for Tambar 2 gjekk av stabelen på ei lita grasbane i Svelgen sidan dei held på å leggje kunstgras med undervarme på Svelgen Stadion. Laget som i hovudsak består av spelarar fødde i 1998 hadde i dag hyra inn Hanna og Rebekka H. frå 99-kullet og Martine (97-modell) som var veldig greie og stilte opp på kort varsel.
 
Jentene gjekk ut i hundre og det tok knappe tre minutt før Elly vart spelt igjennom og sette ballen i nota. 0-1. Kristiane dobla leiinga minuttet seinare. Vi dominerte banespelet, og det var lite Svelgen fekk vere borti ballen dei første minutta grunna aggressive naustedølar som var harde, men klokkereine i taklingane. Annika og Sara held godt saman i forsvar og kjem sigrande ut av samtlege duellar på vår eigen banehalvdel. Johanne er sterkt delaktig i det vi skaper der ho spring opp og ned på venstresida. Driblar ei, driblar to, slår gode pasningar og går på nye løp.
 
Hanna og Rebekka kom inn tidleg og var delaktig i det offensive spelet. Elly legg på til 0-3 når klokka viser ti spelte minutt. Det beste angrepet vårt vert starta av at Annika bryt eit angrep, spelar til Sara som slår ballen vidare opp til Kristiane på midten. Ho sender ballen vidare til Elly på høgreflanken. Elly avanserer med ballen, slår ein god tversoverpasning på Johanne som er i full fart framover. Johanne legg inn framfor mål der Martine er på rett stad til rett tid, men grunna humpete underlag så går ikkje ballen på rett side av stolpen. Før pause får vi 0-4 etter eit vakkert angrep der Hanna avsluttar frå fem meter før Kristiane kopierar Elly og set inn sit andre mål for kvelden. Thea Sofie var trygg og plukka alt som var av skot frå dei grøne vertane. Vi går til pause med leiinga 0-5.
 
Andre omgang vart langt tøffare, men jentene, bokstavleg talt, "rei av stormen". Drikkeflaskene og innbyttarane hadde vanskar for å stå imot den sterke motvinden. Vi føretok eit keeperbytte i pausen. Kristiane overtok keeperhanskane etter Thea og stod det første kvarteret før ho igjen bytta med Elly. Svelgen får scoringa si om lag ti minutt ut i andre omgang. Ein artig situasjon der ballen skiftar i det den treff bakken og lurer seg forbi Kristiane. Den artigaste situasjonen oppstår då Elly som målvakt er uheldig med ei utspark som hamnar i beina på ein Svelgen-spiss. Elly rusar ut og set inn ei solid takling der ho vinn att ballen.
 
Kampbiletet utarta seg slik i dag at alle spelarar fekk prøve seg i ulike posisjonar, både defensivt og offensivt. Det er mykje positivt å sjå i denne kampen. Vi er tryggare med ball, spelar støttepasningar og kommuniserer betre.
 
Gode støttespelarar frå sidelinja var Jan Magne Åsnes og oppmann Solfrid Bygstad!
 
Neste torsdag er det spelefri, men det vert lagt opp til trening dersom det er interesse for dette. "

Bilde: Martin Skilbrei scora fem mål i gårsdagens kamp mot Førde.

Lillegutar 12: Tambar-Førde 4 14-1

Tambar starta haustsesongen med storseier og det er tydeleg at laget har beholdt formen over sommarkvilen. I gårsdagens kamp på Naustdal stadion mot Førde 4, stoppa ikkje Tambargutane før det stod 14-1 i målprotokollen. Måla vart scora av Daniel G.Kvalvågnes(6), Martin Skilbrei(5), Marius Grønestøl(2) og Daniel Haugland(1).

 

 

Damer 4.div: Hafslo-Tambar 7-3 (1-1)

Hafslo fekk revansj frå vårkampen , då dei i går vann 7-3 mot Tambar i den fyrste haustkampen i damenes 4.divisjon.

Men det var Tambar som kom best i gang på grasmatta på Moene, då Birgitte Endestad etter 20 minuttar ekspederte eit frispark kontant og utagbar i mål bak Hafslokeeperen. Tambar var fleire gonger frampå og hadde gode sjansar til å auke leiinga, utan å lukkast. Reduseringa til Hafslo kom ved ei misforståing i Tambarforsvaret på tampen av omgangen, og dermed gjekk spelarane til pause med eit mål til kvar av laga.

Andreomgangen var berre fem minuttar gamal, då Stine Aase tråkla seg gjennom heile forsvaret til Hafslo og plasserte ballen til sides for keeper, og 2-1 leiing. No spelte damene frå Naustdal bra fotball, og hadde komandoen på grasmatta. Det var heilt fortent då Mona Standal frå skrått hold dundra ballen bak keeperen til Hafslo og i mål.

Med Inger Johanne Sørbø som midtstoppar i denne kampen, hadde laget full kontroll i dei bakre rekker. Diverre for laget måtte ho ta ein kvil etter tjue minuttar spel, noko som skulle bli skjebnesvangert for Tambar. Hafslo sette no inn eit trøkk, og i løpet av ein liten halvtime scora laget heile seks gonger ! Dermed vart Tambarleiinga snudd til 3-7 tap.



 

 

18.08.09 Smågutane slo Førde 4-3

Bilde: Daniel Grimset Kvalvågnes laga to mål i kampen mot Førde 4. Her ser vi han i kamp mot ein Førdespelar.

Tambar vann i går kveld 4-3 over Førde 4 i smågutekampen som vart spelt på Naustdal stadion. Til pause var stillinga 2-2.

Tambar kom best igang i gårdagens kamp mot bygutane, og leda 2-0 tidleg i kampen. Førde fekk si redusering på eit frispark, og på tampen av omgangen scora dei nok ein gong. Dermed gjekk laga til pause med 2-2.

Førde starta andreomgangen best og scora først, og var no i føringa med 3-2. Tambar tok etterkvart over, og med to flotte scoringar i denne omgangen også, vart det seier med 4-3 i målprotokollen. Måla til Tambar vart scora av Daniel Grimset Kvalvågnes (2), Henrik Hundershagen og Andrè Sølvberg. Joar Vefring var god dommar.

Sjå slideshow med musikk frå kampen

11.08.09 Fotballen rullar att

Då var endelag ferien ferdig, og vi kan igjen byrje å konsentrere oss om fotballen att. Fyrste kamp på stadion er allerede i morgon, tysdag, då seniorane til Tambar tek imot Vadheim/Høyang. Som vi hugsar frå sist desse laga møttest i Høyanger, vart det mange mål imot for Tambar i den kampen. Etter den kampen har Tambarlaget spelt jamt mot dei fleste laga i avdelingen i vår, men har berre klart å sanke tre fattige poeng.

Møt opp og støtt Tambar, kampen startar kl. 19.00.

 

11.08.09 Smågutane spelar treningskamp torsdag

Tambar sine smågutar spelar treningskamp på torsdag fyrstkomande. Dei møter eit Førdelag, og kampen vert spelt på Naustdal stadion kl. 18.00.

Haustkampane for jenter,gutar og smågutar er enno ikkje komen inn i kalendaren. Desse kampane vert forhåpentlegvis sett inn i løpet av kvelden eller morgondagen.

Treningstidene er heller ikkje heilt oppdatert i kalendar for hausten. Desse vil bli vidareført slik laga trena i vår. Om det er nokre endringar i treningstida til ditt lag, ber eg om at de tek kontakt for endring.

 

12.08.09 Tambar tapte mot Vadheim/Høyang

Bilde: Frå kveldens kamp mellom Tambar og Vadheim/Høyang.

Tambar tapte kveldens kamp 1-7 mot Vadheim/Høyang på Naustdal stadion i kveld. Pauseresultatet var 5-1 til gjestane.

Det var gjestane som kom best igang i den fyrste haustkampen i 5.divisjon avd 1, og leia 2-0 allerede etter berre seks minuttar ut i kampen. Etter sjokkåpninga kom Tambar bedre med i spelet og scora fortent då Tore Klopstad ekspederte ei perfekt pasning bak gjestane sin keeper. Og no var Tambar frampå ved fleire høve, og kunne fort ha putta både ein og to gonger.

Vadheim/Høyang tok etterkvart over meir og meir av banespelet, gjekk kjapt i angrep og spelte i periodar ut Tambarforsvaret. Og ut av dette vart det tre nye scoringar til gjestane før laga gjekk til pause og ein 5-1 leiing til sogningane.

Dei fyrste 15-20 minutta av andre omgang var jamnspelt, der begge lag kom til sjansar, utan at det vart noko mål utav det. I det 25.minutt vart det dømt straffe til Vadheim/Høyang, etter at ein Tambarforsvarar hadde handsa innafor sekstenmeteren. Straffa vart mesterleg redda av Tambarkeeper Olav Hundershagen, men han måtte sjå at returen var det ein Vadheim/Høyangerspelar som var først på, og klarte å putte den i nota. Om det var motivasjonen til Tambar eller kreftene som tok slutt, veit vi ikkje. Men etter den siste scoringa til gjestane, som gjekk opp i 1-7, var det sogningane som hadde komandoen på bana.

Vadheim/Høyang er det beste laget som har gjesta Naustadal stadion i årets 5.divisjon. Dei var pasningssterke, hadde gode bevegelsar og synte i periodar god angrepsfotball. Samtidig hadde dei eit solid forsvar.

 

15.08.09 SFFK innfører " Fair Play nikk "

Bilde: Tambar sitt jentelag Fair Play-helsar på jentelaget til Askvoll/Holmedal, i ein kamp spelt tidlegare i år.

Sogn og Fjordane Fotballkrets har gjort tiltak for å prøve begrense smitteutbreiinga av svineinfluensaen som no kjem for fullt. På kretsen si heimeside ber dei om at klubbane og dommarar gjennomfører tiltaket frå og med i dag.

Sitat frå SFFK si heimeside:

" Svineinfluensaen brer om seg også i Sogn og Fjordane. Difor har SFFK bestemt at frå og med i dag skal Fair Play helsinga (handhelsing) erstattast med "Fair Play nikk".

Svineinfluensaen smitter gjennom håndhelsing så SFFK håpar at ein på denne måten kan unngå at fleire fotballspelarar vert smitta gjennom å helse på kvarandre før og etter kamp. Fair Play helsing er ein viktig del av ein fotballkamp men frå og med i dag så er den altså erstatta med "Fair Play nikk". 

SFFK oppmodar alle dommarar og klubbar om å innføre denne nye Fair Play prosedyra før og etter kamp. "

 

 

 

 

 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net