Bend it Cup Naustdal stadion
Tambarskjelvar IL - Fotball - arangerte laurdag 29.september Bend it Cup på Naustdal stadion. Bend it Cup blir arrangert i samarbeid med Norges Fotballforbund og Sogn og Fjordane Fotballkrets.
Det er fyrste gong Tambarskjelvar IL arrangerer Bend it Cup.
Det deltok ialt 39 lag, fordelt på årsklassane frå 93/94 og opp til 2000. Alle lag spelte minst 3 kampar kvar og kvar kamp hadde ei speletid på 17 minuttar. Det vart spelt enkel serie utan sluttspel.
Været er viktig for eit arrangement som dette, der det blir spelt fotball heile dagen, frå klokka 11.00 til klokka 17.00. Og heldige med været vart vi !! Med sol frå klår himmel og vindstille når dei fyrste kampane vart blesne igang, var det berre å nyte fotballen og været !!
Forutan mange speleglade fotballspelarar og engasjerte lagleiarar, var det også mange foreldre/føresette og andre som hadde teke turen til Naustdal stadion denne fine dagen.
Gode Tambar-dommarar gjorde ein framifrå jobb, og leia dei mange kampane på ein prikkfri måte.
Minimerket var òg eit tilbud for spelarane denne dagen. Då vi var innom der omtrent midt på dagen, hadde litt i overkant av 30 teke minimerket.
Foreldre til Tambarspelarane gjorde ein god innsats i vaffelbua. Med nysteikte vafflar og lappar, brus og kaffi, sjokolade m.m., hadde dei godt besøk heile dagen.
Jentelaget til Tambar hadde anvaret for servering av frukt denne dagen. I Bend it teltet hadde dei mykje god frukt å by på.
Vår faste speaker hadde flytta seg opp til klubbhuset denne dagen. Frå denne plassen hadde han god sikt og kontroll, og folk på stadion høyrde tydelig kva han hadde å formidle.
Med godt vær, knirkefritt arrangement og gode tilbakemeldingar kan vi vel kalle årets Bend it Cup på Naustdal stadion for ein suksess !!