Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

 

 

 

Gutar 15/16

 


Bilde: Gutar sesongen 2010. Bak frå venstre: Kristoffer Hammarseth, Nicolai Sundbye, Anders Aase,
Henrik Hundershagen, Ole Martin Gjøringbø, Jacob Storevik, Nikolai Stølsvik, Torje Herstad og
Tor Åsnes.
Frammefrå venstre: Jørgen Helgheim, Joakim Engebø, Andreas Vatne, Ola Rognebakke,
Erlend Nesje Malones, Martin Skilbrei, Daniel Grimset Kvalvågnes og Andre Sølvberg.

Ikkje til stades på bildet: Martin Bygstad, Gard Nesje Malones og Bjørnar Einevoll.

 

Sesongen 2010
Trenar:
Per Øyvind Storevik
Trenar:
Henning Malones
Oppmann:
Helge Sølvberg
Telefon: 95 04 16 25
E-post: SEND

 

 

 

Kampar sesongen 2010

 

09.06.10 Gutelaget laga målfest på stadion i kveld


Keepermål: Tambarkeeper Jacob Storevik holdt målet reint i kveldens gutekamp mot Førde 5.
I tillegg scora han eit mål for laget på straffespark.

Gutelaget hadde full kontroll på Førde 5 i kveldens kamp på Naustdal stadion. Til pause leda laget 5-0, og Tambargutane kunne gå av bana ved kampslutt med heile 9-0.

Dermed trygga dei plassen på tabelltoppen med 19 poeng, etter seks sigrar, ein uavgjort og eit tap. Det einaste tapet laget har fått, er mot Jølster. Og Jølster er laget som kan gå forbi Tambar på tabellen om dei vinn sine siste tre kampar. Sjå tabell.

Målscorarar for Tambar i kveldens kamp:Andreas(2), Henrik(2), Bjørnar, Andrè, Nicolai, Kristoffer og Jacob.

 

03.06.10 Gutelaget fekk sitt fyrste tap i kveld


Bilde: Torje Herstad (t.h.) scora gutelaget sitt mål i kveldens kamp mot Jølster. T.v, ser vi Andrè
Sølvberg. Bildet er henta frå gutelaget sin kamp mot Hyllestad.

Gutelaget fekk sitt fyrste tap for sesongen, då laget i kveld spelte bortekamp mot Jølster. Kampen enda med ein 5-1 siger til heimelaget, etter at stillinga til pause var 1-1.

Ifylje rapportane frå kampen på kunstgrasbana på Skei, var det ein jamnspelt 1.omgang der begge laga kunne gå til pause med kvar si scoring. I andre omgang var Jølster det beste laget, og der Tambarlaget ikkje heilt hadde dagen. Dermed scora Jølstringane ytterliggare fire mål, og vann kampen 5-1.
Tambar si scoring kom ved Torje Herstad i fyrste omgang.

Med denne seieren kom Jølster heilt opp i ryggen på Tambar. Tambar ligg fortsatt på tabelltoppen med 16 poeng, medan Jølster kom opp på tredje plass med 12 poeng, men med to kampar mindre spelt enn Tambar. Sjå tabell.

 

27.05.10 Gutelaget med 7-2 seier over Hyllestad


Bilde: Andrè rundar Hyllestadkepperen og set inn sitt tredje for kvelden, og sender med den scoringa
Tambar opp i ei konfortabel 7-1 leiing.

Gutelaget tok nok ein seier då dei i kveld vann 7-2 mot Hyllestad på Naustdal stadion. Til pause var stillinga 5-1.

Men det var gjestane som kom best i gang, og var ved fleire høve frampå og gjorde det noko travelt for Tambarforsvaret. Og dommaren, Joar Vefring, gjorde heilt rett då han dømde straffe til Hyllestad etter omlag eit kvarters tid ut i kampen. Ein Tambarforsvarar var for sein då Hyllestadangriparen var på veg igjenom og vart felt av Tambarspelaren innafor 16-meteren. Dermed 0-1 etter at Tambarkeeper Jacob Storevik måtte sjå straffa møte målnota.

Men no vart det meir fart på Tambar, som tok meir og meir over ute på bana. Dermed vart proppen dregen ut og vi fekk sjå laget rulla opp det eine angrepet etter det andre, noko som resulterte i ein femmålsleiing til heimelaget til pause.

I andre omgang har Tambar rimeleg god kontroll på gjestane frå Hyllestad. Laget scorar ytterliggare to gonger, medan Hyllestad får seg eit mål i denne omgangen også. Dermed endar kampen med ein konfortabel 7-2 seier til Tambar.

Slik kom måla:
0-1 Hyllestad
1-1 Andrè
2-1 Andrè
3-1 Torje
4-1 Nikolai
5-1 Nikolai
6-1 Gard
7-1 Andrè
7-2 Hyllestad


Bilder frå kampen Tambar-Hyllestad
Tabell

 

21.05.10 God andreomgang av gutelaget


Bilde: Det vart ny seier til gutelaget til Tambar i bortekampen mot Førde 2 i går.

Gutelaget hadde i går kveld teke turen til Førde for å møte Førde 2 til kamp på kunstgraset. Og det var Tambarlaget som fort tok komandoen i kampen, utan å lukkast framfor målet til Førdekeeperen. Difor var det noko ufortent då Førde 2 var laget som fekk den fyrste scoringa i kampen. Men Tambar fortsette presset og fekk ei fortent utligning og 1-1, noko som holdt seg til pause.

I andre omgang fortsette Tambargutane der dei slapp i fyrste omgang. Og endeleg løysna det også framfor Førdemålet. Med fire scoringar til Tambar i denne omgangen, enda kampen med ein konfortabel og fortent 5-1 siger. Måla til Tambar vart sett inn av Henrik (2), Andrè (2) og Nikolai.

 


 

07.05.10 Ny seier til gutelaget


Bilde: Tambar Fotball sitt gutelag fekk seg nok ein seier, der Andrè Sølvberg scora fire av måla.

Gutelaget til Tambar slo i går kveld Førde 3, i ein kamp som vart spelt på Naustdal stadion. Sluttresultatet vart til slutt 5-2, etter at laga gjekk til pause med kvar sitt mål og 1-1.

Med godt keeper- og forsvarsarbeid gjorde Tambarlaget det vanskeleg for Førdegutane å nå målnota. I angrep scora Bjørnar Einevoll Tambar sitt fyrste mål før pause. I andre omgang putta Andrè Sølvberg heile fire gonger for Tambar, etter gode og lure målgivande passningar frå Jørgen Helgheim og Kristoffer Hammarseth.

Dermed står gutelaget fortsatt utan tap i årets serie. Laget toppar tabellen etter at laget så langt har fire seierar og ein uavgjort. Sjå tabell.

Neste kamp for gutelaget er bortekamp mot Førde 2 torsdag 20.mai.

 

29.04.10 Gutelaget vann i Dale

Tambar Fotball sitt gutelag vann i kveld 2-1, som også var stillinga til pause, mot Dale på bortebane. Måla til Tambar vart scora av Henrik Hundershagen og Anders Aase.

 

23.04.10 Solid mot Eikefjord

I den andre kampen denne kvelden, møttes gutelaga til Tambar og Eikefjord. Her var det Tambar som viste seg som det beste laget, og leda fortent 4-0 til pause. Med ytterliggare to scoringar i andre omgang, kontrolerte dei kampen inn med solide 6-0.

 

 
     
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net