Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

 

 

 

Gutar 11

Tambar Fotball stiller med to lag i klasse G 11 i sesongen 2010.


 

 

Sesongen 2010
Trenar:
Jan Inge Rygg
Trenar:
Oddvar Hukset
Oppmann
Gunn Kristin Steindal
 
Telefon
E-post : SEND

 

 

 

 

 

 

Kampar sesongen 2010

 

17.06.10 Tambar 1 tek sommarferie med full pott


Tambarkeeper: Tambar Fotball sitt G11, Tambar 1, har ni strake seierar i vårsesongen. Ein av
grunnane til det, er lagets keeper Ole Andrè. På bildet ser vi han i aksjon.

Tambar 1, G11, har denne våren vunne alle sine kampar i serien. I går kveld møtte Tambargutane eit Førdelag i same situasjon, med berre seierar. Dermed var det duka for "toppkamp" på Halbrend gunstgrasbane. Trenar Jan Inge Rygg har sendt oss denne rapporten frå kampen:

" Tambar 1 har hatt ei travel veke med kamp mandag mot Førde 2 og onsdag mot Førde 4.

Kampen mot Førde 2 var heime i Naustdal. I denne kampen styrte Tambar spelet frå start til slutt med høgt press og topp innsats. Spesiellt første omgang var prega av fint spel og stort sett envegskjøring mot Førdemålet. Ein god Førdekeeper hindra også fleire gode forsøk frå Tambar. Kampen enda til slutt 9-3 til Tambar.

 Desse spelte Elias (3 mål), Samson (1 mål), Ole Andre, Aleksander (2 mål), Even, Markus, Sivert (2 mål), Thomas (1 mål) og Steffen. "

 -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- --

" Onsdags kveld reiste vi til Førde og for å spele mot Førde 4. I likhet med oss var dette laget ubeseira før kampen, så dette vart oppfatta som ein av årets viktigaste kampar. Vi forventa oss sterk motstand og bestemte oss for å gjere det slik vi pleier, å gå sterkt ut frå start med hard jobbing og fokus på å la ballen gå raskt framover. Dette lukkast vi svært godt med i første omgang og gjekk overaskande til pause med ei komfortable 6-0 leiing. Mange av måla var reine perler og spesielt var scoringa til Jesper fin, der han tilsynelatande heilt utinteressert bråsnur når corneren vert teken og kjem seg inn på bakerste stolpe og plasserer ballen inn ved stoplerota på heil volley. Moro å sjå på.

 I andre omgang får Førde ein ekstra spelar på bana og kjem mykje meir inn i kampen. Midtbana vår får det vanskelegare då Førde er flinkare til å komme opp i oss og hindre Elias i å slå dei gode pasningane framover på bana. Førde kjem seg til mange sjansar, men eit godt forsvar med Samson, Markus og Eirik saman med vår solide keeper Ole Andre rydda opp i det meste som kom. Likevel putta Førde på 4 mål slik at stillinga til slutt vart 7-4 til Tambar.

 Då er vårsesongen i seriespelet over for Tambar 1. Med ni kampar med 9 sigrar og svært mykje fint spel må vi være svært nøgde med sesongen so langt. No ser vi fram til Grodås Cup og muligheten til å møte nye lag, samt å ha det kjekt i lag både på og utanfor bana. "

 

 

17.06.10 G11 med storseier over Dale


Mange mål: Tambar Fotball sitt G11 2.lag vann stort mot Dale. Bildet er henta frå kampen mot
Gaular sist veke.

Det vart scora heile 18 mål då Tambar 2, klasse G11, møtte Dale til kamp på Naustdal stadion tirsdag kveld. Trenar for Naustdalsgutane, Oddvar Hukset, seier fyljande om kampen:

" I kveld spelte Tambar 2 heimekamp ( Lillegut 11) mot Dale, ein kamp som var flytta ein dag.
Dermed kunne vi fylle opp med eigne reservespelarar frå Tambar 1, og Elias og Aleksander var klare. Vi forventa ikkje sterk motstand, og hadde avtalt at Elias fekk klare seg med ein omgang - Tambar 1 har siste kamp før ferien allereie i morgon.
Startoppsettet vart derfor nesten som vanleg, med Thomas i mål, Martin og Steffen bak, Elias og Marius sentralt, Jakob midtbane og Jesper på topp.
Elias starta målkalaset etter 6-7 minutt samanhengande press på Daleforsvaret, og Marius, Jesper og Aleksander putta på til stillinga 6 - 1 til pause.
Det var god stemning, godt samspel og flotte mål. Det vart mange corner i 1.omgang, noko Marius og Elias etterkvart fekk god utteljing på. Marius slo perfekt på Elias fleire gangar, samt at dei veksla med korte variantar. Veldig bra.
 
I andre omgang gjekk Martin opp på vingen, og Steffen og Daniel danna bakerste rekke. Trøkket var på plass, og leiinga vart større og større. Likevel slapp Dale etterkvart lettare til, og reduserte to gangar. Aleksander tok då ein solid tørn i forsvaret resten av kampen. Kampen enda 15 - 3, og det var mange på scoringslista: Elias 3 mål, Aleksander 2 mål, Marius 2 mål, Jesper 5 mål, Jakob 1 mål, og Martin 2 mål ( eit via ein Dalespelar ).
 

Då er det ein kamp att av vårkampane, mot Jølster på mandag. Det vert nok eit jamnare oppgjer, garantert."

Sjå bilder av Tambar 2
Bildene er henta frå kampen mot Gaular 2

 

08.06.10 Begge Tambarlaga vann mot Gaular


Bilde: Frå kampen til Tambar 1 mot Gaular på Osen i går kveld.

Trenar Jan Inge Rygg har sendt denne rapporten frå Tambar 1 sin kamp mot Gaular:

" Tambar 1 tok i går turen til Gaular og Osen for å spele kamp mot Gaular 2. Vi hadde litt problem å finne den godt skjulte bana, men fant no fram til slutt. Målsettinga for dagen var å legge vekt på samspel og innsats, men viktigast av alt å bruke kraft i pasningane då bana likna meir på ei blomstereng enn ei fotballbane. Til slutt bestemte vi oss også for å halde nullen bakover i denne kampen.

 Samson fekk prøve seg sentralt på midtbana i denne kampen. Dette for at Elias skulle prøve seg litt lenger fram på bana som venstre ving. For dei andre var det vante plasseringar med Ole Andre i mål, Even og Stig Arild i forsvar, Sivert på ving og Aleksander som spiss.

 Det tok nokre minutt før vi vart vant med det lange graset, men dei siste 25 minutta var til dels glitrande med fint samspel, svært høgt press og god innsats. Gaular hadde problem med å komme seg over midten og låg med mange i forsvar. Etter 15 minutt gjorde også Markus comeback på backen, ei oppgåve han løyste med stil. Elias var tilbake i god gammal scoringsform og putta på 5 mål før pause, Aleksander 1 og Samson med 2 cornerar skrudd rett i mål slik at vi leia komfortabelt 8-0 til pause.

 I andre omgang la Gaular seg endå meir i forsvar og gjorde det vanskelegare for å oss å komme til avslutning. Likevel produserte vi svært mange sjansar også i denne omgangen uten at uttellinga var så god som i første omgang. Kampen enda til slutt 12-0, noko alle var svært nøgde med.

 Desse gjorde ein strålande innsats: Samson (2 mål), Even, Markus, Sivert (1 mål), Ole Andre (holdt nullen etter ein roleg dag i mål), Stig Arild, David, Aleksander (1 mål) og Elias (8 mål). "

Sjå bilder frå kampen

 

Trenar Oddvar Hukset har sendt oss fyljande rapport frå kampen til Tambar 2 mot Gaular:

" Mandag reiste Lillegutar 11 til Gaular for å spele to kampar, og Tambar2 fekk prøve den nye kunstgrasbana på Sande mot Gaular1. Dei har fått seg eit flott anlegg.
 
Marius var tilbake på laget, med redusert kondisjon, men det skulle vise seg å gi god utteljing å ta det roleg. Gutane kom godt i gang med fleire gode angrep, før Marius kom i gang med scoringane. Gaular var godt frampå dei også, og hadde mange gode sjangsar som resulterte i eit mål i første omgang.
Gutane følte seg snytt for ei straffe i pausen, då Sander rett før var gjennom og (eit bein frå ) åleine med keeper. Vi leda trygt, så det var berre å roe ned.
 
Andre omgang vart lik første, med mange målsjangsar til begge laga, og gode keeperar som redda mykje. Kampen enda 8-2 til Tambar, etter 6 mål av Marius, og Jesper og Marius Gjervik scora eit kvar.
Desse spelarane reiste fornøgde heimatt: Thomas, Steffen, Martin, Jakob, Daniel, Jesper og Marius, samt 2000 gutane Sander og Marius. "

 

 

01.06.10 Seier og uavgjort G99-laga


Bilde: Tambar 2 spelte i går uavgjort mot Høyang. Arkivfoto.

Begge laga til Tambar Fotball i klassen G99 gjekk av bana med poeng, i dei to kampane som begge vart spelt på Naustdal stadion.

Frå Tambar 1 sin kamp mot Jølster, har trenar Jan Inge Rygg sendt oss denne rapporten:

" Tambar 1 tok i mot Jølster til kamp i Naustdal mandag. I utgangspunktet var dette eit lag som vi forventa hard motstand frå, då dei har gjort det bra i sesongen med fleire store sigrar og kun eit tap. Våre mål for kampen var å jobbe hardare enn jølstringane uten at dette skulle gå utover samspelet vårt. To målsettingar som gutane tydelegvis fekk med seg. Kampen starta forrykande med flott samspel, god innsats og 6 kjappe mål baklengs  for ein litt overaska gjeng frå Jølster. I denne perioden fungerte det aller meste for Tambarlaget. Samson ruva i forsvar saman med Eirik og Even. Elias jobba som ein helt og styrte midtbana vår glimrande med mange fine framspel. Aleksander på topp var veldig bevegeleg og gjorde det lett for midtbana og forsvar å spele seg framover på bana. Vingane våre Sivert, Matias og Adrian var flinke til å skape bredde i spelet og var stadig frampå med fine scoringar. I mål stod Ole Andre og kjeda seg. Slik kampen var i 1 omgang fekk han ikkje vere så mykje bort i ballen. Mot slutten av omgangen fekk Jølster ein ekstra mann på bana og spelet jamna seg meir ut. Til pause var stillinga 6-0 og stemninga var på topp framfor 2 omgang.

 I andre omgang kom Jølster meir inn i kampen, Tambar gutane verka slitne i beina og Jølstringane klarte å overliste ein god Ole Andre etter å ha komme litt lett gjennom forsvaret ein del gonger. Kanskje vart lysta til å angripe litt for stor i deler av omgangen. Elles kan vel kanskje ein Cooper test i gymmen delvis forklare at kreftene etter kvart tok litt slutt. Denne omgangen enda 5-5 og Jølster fekk vist kvifor dei har gjort det bra tidlegare i sesongen.

 Uansett presterte vi kanskje årsbeste i 1 omgang, med svært bra samspel og fine mål mot eit godt Jølsterlag. Det er tydeleg at gutane blir meir og meir samspelte. Fleire og fleire spelarar står fram og tar ansvar og det er kjekt å sjå ei positiv utvikling for alle.

 Måla vart i dag scora av Matias (3), Sivert (3), Elias (2), Aleksander (1), Adrian (1) og Samson (1). "

 

Frå Tambar 2 sin kamp mot Høyang, har trenar Oddvar Hukset sendt oss denne rapporten:

" I kveld spelte Tambar2 (Lillegut 11) heimekamp mot Høyang, og det vart eit jevnt oppgjer.
Gutane våre kom best i gang, og Jesper scora første målet. Laga bytta på å ta tak, jobbe hardare og presse på til utteljinga kom. Stillinga til pause var 3-3, med fleire brende sjangsar til begge lag.
Andre omgang vart meir målrik, og det kjekke var at både Daniel og Marius (Gjervik) melde seg på scoringslista, med flotte mål. 
Thomas hadde ingen kjedeleg kveld i mål, og måtte ofte ut i full strekk for å avklare. Han og beckane; Steffen og Martin gjorde ein kjempejobb i forsvaret.
Høyang fekk inn nokre godt plasserte langskot, så vi kom to mål bakpå. Dermed måtte laget mobilisere på slutten. Jacob og Jesper scora kvar sitt mål på tampen, og kampen enda uavgjort 7-7. Det var eit rettferdig kampresultat.
 
Spelarane i kveld var: Thomas, Steffen, Martin, Sander, og målscorarar Marius(1), Daniel (1), Jesper (2) og Jakob (3). "

 

 


Bilde: Thomas.

25.05.10 Knepent tap for Tambar 2

Trenar for Tambar 2, Oddvar Hukset, har sendt oss denne rapporten frå deira kamp i Florø i går:

" Mandag spelte Lillegut 11 ( lag 2 ) mot Florø1  i Florø. Utan gutane frå 2000 som spelte miniputturnering, var det litt knapt med innbyttarar. Fleire spelarar fekk tidleg strekktendensar, og kombinert med kald vestavind, såg underteikna ei stund litt mørkt på situasjonen. I første omgang kom Florø best i gang, men vi kom sterkt tilbake og utlikna til 3-3 før pause. Laga fortsatte å veksle mellom å styre kampen i andre omgang, men etterkvart braut Florø lettare og lettare igjennom forsvaret, og fekk satt fire scoringar til. Som vanleg tok gutane tak mot slutten, og med to nettkjenningar til, vart sluttresultatet 7 - 5 til Florø.

Det var mykje bra spel å glede seg over for alle frammøtte. Gutane våre hadde flott samspel, gode ballvekslingar som spelte Florøforsvaret heilt ut, og strålande enkeltprestasjonar. Thomas leverte målvaktarbeid av klasse, og redda laget frå ein styggare målforskjel. Denne gangen vart det mål på corner også; Samson slo inn, og Elias heada i mål.

Tambar2 laget: Thomas, Steffen, Martin, Daniel, Elias, Samson, Jakob og Jesper. Målscorarar; Jesper, Jakob, Elias og Samson. "

 

 


Bilde: Aleksander

25.05.10 Storseier til Tambar 1

Trenar for Tambar 1 i klassen G99, Jan Inge Rygg, har sendt oss fyljande rapport frå kampen mot Florø 3 i går:

" Lillegut 11 laget til Tambar spelte kamp mot Florø 3 mandag. Sidan 2000-gutane var opptatt med Konglerike turneringa reiste vi til Florø med eit reint 99-lag. Kampen åpna jamnt med mykje bra samspel av begge lag. Tambar pressa likevel Florølaget og hadde mange fine sjansar, men ein god Florøkeeper nekta oss leiinga før om lag halveis ut i omgangen då Aleksander fekk kjempa inn ballen etter corner. Elias auka til 2-0 og dette var også pauseresultatet.

 Etter ein etterlengta pause virka det som Tambargutane fekk ekstra krefter og tok etter dette endå betre kontroll over kampen. Vi fekk til mykje fint småspel og dette resulterte i mange pene mål. Til slutt stod det 8-1 til Tambar i målprotokollen og det var ein fornøgd gjeng som returte til Naustdal.

 Med på laget var Samson, Even, Elias, Aleksander, Ole Andre, Thomas, Sivert og Jakob. Måla vart scora av Elias, Sivert, Aleksander og Jakob. "

 

11.05.10 Seier også til det andre lillegut 99-laget


Bilde: Tambar Fotball sitt lillegut 99, Tambar 2, gjekk seirande ut av sin kamp i går.

Det vart også seier til Tambar 2, lillegut 99, i gårsdagens kamp mot Kyrkjebø/Vadheim på Naustdal stadion. Trenar Oddvar Hukset seier fyljande om kampen:

" I kveld spelte Tambar2 mot ein ny og ukjent motstandar, Kyrkjebø / Vadheim. Dei var 12 spelarar, og etter ynskje frå trenar om meir speletid på gutane ( og 2 jenter), einast vi om å spele med 8 på kvart lag.
 
Resultatet til slutt vart 10 - 4 og ny Tambarsiger, men kampen var jevnare enn sluttresultatet tilseier.
 
Forsvaret hadde rikeleg å rydde opp i, for bortelaget var stadig frampå. Thomas stod ein solid kamp som vanleg med flotte redningar!
2000 modellane fekk og` vist seg fram idag, og viste seg både tøffe og uredde mot gutar som var både eit og to nummer større enn dei(!)
 
I angrep var det solid trøkk, og med Marius tilbake i sentral rolle, vart det mange mål og mange sjangsar. På scoringslista kom: Jesper med 5 mål, Marius med 3 mål, og Jakob og Martin scora eit kvar.
Tambar 2 laget: Thomas, Martin, Jakob, Marius, Jesper, Steffen og Daniel. Marius, Sander og Håvar stilte frå 2000, og vi takkar for god hjelp! "

 

10.05.10 Ny jubelkveld for Lillegut 99


Bilde: Tambar 1 sine lillegutar 99 kunne på ny juble etter seier i kveldens kamp. På bildet har
Sivert nettopp laga mål.

Lillegutane i klasse 99, Tambar 1, var igjen i scoringshumør då dei spelte mot Førde 6 på Naustdal stadion i kveld. Ein nøgd trenar, Jan Inge Rygg, har sendt oss denne rapporten:

" Tambar 1 møtte i kveld Førde 6 til kamp på Naustdal Stadion. Tambargutane hadde god kontroll og viste fram mykje bra spel i denne kampen. 7-1 var resultatet til pause og gutane fekk beskjed om å fortsette i samme spor i andre omgang. I denne omgangen kom Førde litt betre med i kampen, men gutane styrte likevel inn til ein overlegen siger med 13-3.

Laget bestod av Samson, Even, Eirik, Sivert, Elias, Ole Andre, Aleksander og 2000 modellane Stig Arild, Daniel og David. Alle gjorde ein solid innsats i kampen.

Måla vart scora av Aleksander (2), Samson (1), Elias (5); David (1) og Sivert (3). "

 

09.05.10 Lillegut 99 vann mot Førde

Eit av Tambar Fotball sitt lillegut 99, Tambar2, spelte bortekamp mot Førde 5 torsdag. Trenar Oddvar Hukset kjem med fyljande rapport:

" Tambar 2 sigra fortjent 10 - 2 over Førde 5 etter jevn og god jobbing av heile laget. Gutane våre styrte spelet heile første omgang, kontant frå avspark. Førde stod bra i mot i starten med godt forsvarspel, men før omgangen var over hadde Samson, Jesper og Elias scora 2 mål kvar.
 
I pausen la trenaren til Førde om taktikk, og det vart skikkeleg motstand i Førdelaget med mykje betre bevegelse. 2. omgang vart ein kjempeomgang av Tambargutane, som leverte imponerande lagspel og innsats for å halde styringa i kampen. Tilskodarane hadde god underhaldning i flotte gjennomspel, gode drag på sidene, og to målgivande langskot!
 
Vi nytta kampforskyving til å stille reint 99 lag, samt at keeperane våre fekk vere utespelar kvar sin omgang.
Tambar 2 laget ( scoringar ): Thomas, Ole Andre`, Elias (5), Sivert, Samson (2), Martin, Jakob og Jesper (3). "

 

 

04.05.10 Tambar 1 med sin tredje strake seier


Bilde: Tambar 1 ( G12 ) vann i går mot Tempo og er utan tap så langt i serien.

Trenar Jan Inge Rygg har sendt oss denne raporten frå gårsdagens G11-kamp der Tambar 1 tok imot Tempo på Naustdal stadion:

" Tambar 1 møtte i kveld Tempo. Kampen starta litt nervøst og vi lot Tempo styre mykje av spelet dei første 10 minutta. Tempo tok leiinga 1-0 før Matias etter hard jobbing klarte å krige inn eit mål. Tempo svarte raskt og gjekk opp til 2-1 før 10 minutt var gått.  Resten av omgangen våkna Tambargutane skikkeleg og putta på 5 mål etter 3 gode skot av Elias og 2 like god skot av Samson.
2 omgangen vart mindre sjanserik og kampen enda til slutt 6-2. Dette må vi være godt fornøgde med mot eit godt og til tider velspelande lag frå Tempo. Laget forset den gode trenden med 3 sigrar av 3 mulige.
Desse var med og skal ha skryt for god innsats; Samson, Matias, Even, Eirik, Sivert, Elias, Adrian, Martin, Thomas.
"

Sterk opphenting av Tambar 2

Frå G11-kampen mellom Førde 3 og Tambar 2 som vart spelt på Haugum kunstgrasbane torsdag 29.april, har vi fått fyljande rapport frå trenar Oddvar Hukset:

" Gutane våre starta veldig bra, og hadde mykje av spelet i første omgang. Førde hadde eit kompakt forsvar, og vi kom berre til nokre få målsjangsar. Dei gangane Førde prøvde seg, vart effektivt klarert av Thomas. Til slutt klarte Førde å score før pausen.
 
Etter pausen køyrde Førde på, scora to gangar til, før vi igjen gradvis tok over spelet. No var gutane tende, medan Førde kanskje slappa / trøtna av. Forsvaret åpna seg meir opp og vi fekk betre og betre målsjangsar. Heilt fortjent kom reduseringa til 1-3 med Jesper. Då var det ca 7 minutt att av kampen, og heile laget kjempa seg til sjangse etter sjangse. Jakob reduserte til 2-3, tida var nesten ute, men no jaga vi utlikning. I siste speleminutt utlikna Jesper, og det var stolte spelarar som takka for kampen og reiste godt nøgde heim.
 
Tambargutane som stod for denne opphentinga var: Thomas, Daniel, Martin, Jakob og Jesper. Dei hadde med 4 2000 modellar som gjorde ein kjempejobb(!) : Sivert, Håvar, Marius og Mattias. "

 

 

27.04.10 Tambar sine G99 vann 11-4 mot Eikefjord


Bilde: Tambar sitt eine G99 vann mandag 11-4 over Eikefjord. Her ser vi Adrian i kamp mot ein
Florøspelar i den fyrste kampen til laget.

Tambar Fotball sitt G99-lag vann sin andre kamp for sesongen, då dei sette Eikefjordingane på plass mandag kveld. Ein nøgd trenar, Jan Inge Rygg, seier dette om kampen:

" Tambar 99 spelte bortekamp i Eikefjord mandag. Laget varta opp med mykje fint spel og mange fine mål. Laget hadde full kontroll mot Eikefjordingane og vann fortent 11-4. Målscorarar var Elias 7, Aleksander 3 og 2000 modellen Stig Arild med 1 mål.

 Desse var med på laget: Even, Elias, Samson, Sivert, Aleksander, Thomas, Eirik og 2000 modellane Stig Arild, Daniel og David. "

 

19.04.10 Seier til begge G 99-laga


Bilde: Tambar Fotball sine to G11-lag spelte samtidig på stadion i dag. Her ser vi det eine laget
i kampen dei spela mot Florø 2.

Tambar Fotball sine to G11-lag fekk ein fin start på sesongen, då begge laga var i aksjon på Naustdal stadion i dag. Etter to spennande kampar vann det eine G11-laget 6-4 over Florø 2, medan det andre laget slo Førde 1 med siffera 9-5.


 

 
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net