Naustdal Stadion
FRÅ GRUS TIL KUNSTGRAS

Eit nytt kapittel for fotballen i Tambarskjelvar IL er starta, og grusbana på Naustdal stadion er no blitt historie. I løpet av nokre sommarveker er grusen på bana erstatta med eit etterlengta kunstgras, etterlengta både av små og store i Naustdal. I tillegg til ei flott kunsgrasbane, er sjølve annlegget òg blitt rusta opp samtidig. Det er blitt bygd flotte innbyttarbenker, lysanlegget er blitt skifta ut og ein har fått laga tribune med plass til 150-200 publikum.
Mange har vore med å bidrege for at Naustdal Nye Stadion skulle bli realisert. Privatpersonar og bedrifter frå bygda, privatpersonar og bedrifter utafor bygda. Utan desse hadde ein ikkje vore der ein er i dag. Og utan alle som har stilt på dugnad kveld etter kveld, eldsjeler i fotballgruppa og idrettslaget som har brukt mykje av si fritid for at ein skulle kome i mål. Men no er ein komen i mål. Gratulere med eit nytt og flott anlegg, folkens !!

Tambarskjelvar IL arrangerer miniputt turnering på Naustdal stadion søndag 24.august 2008. Midtvegs i turneringa vil den offisielle åpninga av kunstgrasbane bli gjennomført.
PROGRAM:
- kl. 1300 Miniputt turneringa tek pause.
- kl. 13.00 Fanfare
- kl. 13.15 Åpningstale ved leiar i Tambarskjelvar IL, Jørn Helgheim. Velvalgte ord frå Ordførar Håkon Myrvang og leiar i fotballgruppa, Bjørn Hundershagen. Representantar frå Sogn og Fjordane Fotballkrets og sponsorar deltek også.
- kl. 13.20 Snorklipp. Bana er åpna!
- Servering av åpningskake, kaffi og juice.
- kl. 14.00 Miniputt turneringa startar opp att.
Tambarskjelvar IL ynskjer alle velkomen til miniputt turneringa og åpninga av Naustdal kunstgrasbane.

Bilde: Innbyttarbenkene tek form.

Bilde: Rull på rull med kunstgras !
Fleire bilder frå dugnaden starta opp 19.mai 2008, og fram til i dag, FINN DU HER
|