På veg mot Nye Naustdal Stadion....
 
Til framsida

 

 

Dugnad på Naustdal stadion.

Dugnaden på Naustdal stadion er no komen igang, og ein er starta på arbeidet som i fyrste omgang vil ende ut i ein etterlengta kunstgrasbane. For at ein skal klare å halde framdrifta i arbeidet, er ein heilt avhengig av at folk er villige til å stille på dugnad. Fram til no har det vore dugnad på stadion kvar dag frå kl. 17.00. Meir info og for å melde deg til dugnad, ta kontakt med: oddvar.hukset@enivest.net Tlf.: 97 01 94 15

Les meir om dugnaden på Naustdal Nye Stadion

Støtt Nye Naustdal Stadion

Giroer for Private stønader blir sendt ut mai/juni. Prosjektet har behov for meir midlar, så alle som ikkje har fått teikna seg på givarlista har fortsatt muligheit for det.

Kontonr. 37051368348 - Tambarskjelvar IL. Hugs å merke innbetalinga med ”Prosjekt Nye Naustdal Stadion”

 

 

Naustdal Nye Stadion: Framdrift

 

NAUSTDAL NYE STADION OFISIELLT ÅPNA 24. AUGUST 2008 !

SJÅ BILDER FRÅ ÅPNINGA

14.08.08 Med kranebil frå Førde kranutleige og dyktige dugnadsfolk som bakkemannskap, vart dei alle 18 meter høge lysmastene heist på plass i dag. Bilder

Bilde: Lysmastene vert heist på plass.

08.08.08 Dugnadsjengen står forsatt på !! I dag var det fokus på bygging av tribune og klargjering av dei nye lysmastene. Bilder

Bilde: Dag Rune Mallasvik kablar dei nye lysmastene.

23.07.08 Med fortsatt godvær, starta legginga av massen i kunstgraset i dag.

Bilde: Med maskiner vart massen lagt i kunstgraset.

18.07.08 Med opphaldsvær kom også arbeidarane frå Syntec tilbake! I dag starta merkinga av bana, og det ser ut til at dei blir ferdige i løpet av dagen. Sjå Bilder

Bilde: Merkinga av bana var i full gang i dag.

13.07.08 Ta ein kikk på dette bildet. Naustdal stadion søndag 13.juli 2008 !

13.07.08 Det er no lagt kunstgras på heile bana. Nye arbeidarar frå firmaet Syntec kjem for å legge på fyllmasse og merke 16-metrane og 7ar bane ein av dei fyrste dagane. Det er kjøpt inn 5-er, 7-er og 11-er fotballmål, sjå bilder frå monteringa av måla.

Bilde: Leiaren i fotballgruppa til Tambar, Bjørn Hundershagen, er godt nøgd med det førebelse resultatet !

11.07.08 Så er endeleg arbeidet med å legge kunstgras på stadion i gang. Onsdag 9. juni kom arbeidarane frå firmeat Syntec, og med godt vær desse dagane gjekk arbeidet unna. Bilder her

Bilde: Dei fyrste rullane med kunstgras er lagt på bana. I bakgrunnen ser vi dei flotte innbyttarbenkene som snart er ferdige.

26.06.08 Legging av asfalt er i full gang og vert ferdig i løpet av dagen. Asfaltkanten er 1,5 meter brei og ligg mellom kunstgrasbana og løpebana.

 

18.06.08 Ein har no fjerna toppdekket og legging av nytt og avretting av det er fullt igang. Sjå bilder

16.06.08 I dag starta ein å fjerna toppdekket på bana. Mesta tek seg av dette og ein reknar med arbeidet med å fjerne dekket, køyre det vekk og legge på nytt dekke att vil vare heile veka. Sjå bilder

09.06.08 Fundament til alle lysmastene er no støypte og forskaliga på desse er rivne. Dekke på løpebana er greven bort, og er plassert på bana på Øyra/Løken.

Bilde: Fundamenta til lysmastene er støypte, og ein er i gang med del to på fundamenta.

Bilde: Sjølv med litt regn i lufta, var ikkje noko å sei på arbeidsinnsatsen !

Bilde: Dei gamle lysmastene er no blitt kappa i høvelege lengder, og skal nyttast til tribune.

29.05.08 Bitting av jern i mastefundamenta pågår for fullt. Trekking av nye kablar til mastene, og pågraving av grøfter der kablane er trekt. SJÅ BILDER

Bilde: Vidar Kvalvågnes har jobba nesten kvar ettermiddag/kveld sidan dugnaden starta !

26.05.08 Ei veke etter fyrste dugnad på stadion. Det har vore jobba dugnad heile veka, inkl helga. Alle mastene er nede (bortsett brå den som har straum til kiosken), det er greve ut til alle mastefundamenta, ein har forskala klar til støyping( bitting av jarn gjenstår). Ein starta i dag graving av grøfter til kablar for nye master. SJÅ BILDER

Bilde: Grøftegraving til nye kablar og fundament til master.

 

19.05.08 Den fyrste dugnaden på stadion. Lysa på mastene vart tekne ned, og ein starta graving til fundament til dei nye mastene. SJÅ BILDER

Bilde: Høgt heng dei, men sure er dei ikkje !

 

 

 

 

 

 

 

 

 
     
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net